Immunmodulerande og covid-19 (koronavirus)
Fråga: Ein allmennlege spør om det finst retningslinjer for å pause immunmodulerande behandling, deriblant etanercept (Benepali), ved stor fare for smitte med covid-19 (koronavirus)?
Svar: Vi viser til Folkehelseinsituttet sine gjeldande tilrådingar for personar under behandling med immunsuppressiva, som seier følgjande per 16. mars 2020 (1):
«Det er ikke grunnlag for å fraråde oppstart eller stoppe pågående immunsupprimerende behandling. Dersom personer som bruker immunsupprimerende behandling blir syke, anbefales det å kontakte egen lege for råd i forhold til medisinering, prøvetagning og undersøkelse.»
Oppdatert informasjon om endring av tilrådingar gjerast fortløpande på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Elles har vi i ei tidlegare RELIS-utgreiing vist til informasjonen om nyoppståtte infeksjonar under behandling i preparatomtalen til etanercept (2).
- Folkehelseinstituttet. Koronavirus – fakta, råd og tiltak: Råd og informasjon til risikogrupper. https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/ (Sist oppdatert: 15. mars 2020).