Frågedatum: 2020-03-19
RELIS database 2020; id.nr. 14002, RELIS Vest
[email protected]
www.svelic.se

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Hydroksyklorokin til tannlegepraksis



Fråga: Kan tannlegar skrive ut legemiddel i reseptgruppe C til eige bruk? Eksempelvis hydroksyklorokin (Plaquenil)? Dette er ikkje eit vanedannande preparat, men trass alt utanfor fagfeltet odontologi. Spørsmål frå tannlege.

Svar: Tannlegars rett til rekvirering oppgjevast i Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek, §2-2 (1). Med unntak av dei avgrensingar som er gjeve for legemiddel i reseptgruppe A og B, har tannlegen eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om anna behandling er innanfor føreskrivingsretten. Dette utdjupast i ein kommentar til den nemnte forskrifta (2):

"Tannleger med norsk autorisasjon eller lisens har i utgangspunktet rett til å rekvirere alle legemidler som er nødvendig for å utøve tannlegevirksomhet. Med dette forstås i denne forskriften alle legemidler som er nødvendige i forbindelse med tannbehandling og forebygging og behandling av sykdom i munnhule og tilgrensende vev. Det er opp til tannlegen å vurdere hvilke legemidler dette omfatter innenfor de begrensninger som er gitt i denne forskriften eller i autorisasjon eller lisens".

Det er vanskeleg å skulle sjå at dei godkjende indikasjonane for hydroksyklorokin vil famne det som reknast som naudsynt behandling for å utøve tannlegeverksemd, eller førebyggje og behandle sjukdom knytt til munnhole og tilgrensande vev. Tannlegen oppgjev òg sjølv at preparatet ligg utanfor fagfeltet odontologi. For indikasjonane som kan tenkjast å omfatte symptom knytt til munnhole (eksempelvis Sjøgrens syndrom), er dette kronisk behandling som skal rekvirerast og følgjast opp av lege.

I tillegg har Legemiddelverket frå og med 16. mars 2020 innført rasjonering av hydroksyklorokin (Plaquenil). Inntil vidare skal apotek berre utlevere Plaquenil til pasientar med blå resept. Dette gjerast for å førebyggje legemiddelmangel, då det meldast om hamstring av Plaquenil. Hamstringa skuldast truleg at det ryktast at legemidlet kan brukast mot Covid-19. Bruk av hydroksyklorokin mot Covid-19 er undersøkt i studiar, men foreløpige resultat viser at det er svært usikkert om denne medisinen verker mot koronaviruset (3).

Det finst per no ikkje dokumentert, godkjend behandling mot Covid-19, og generelt er det ønskjeleg at all utprøvande behandling mot Covid-19 gjerast i sjukehus (kliniske utprøvingsstudiar). Informasjon om kunnskapsstatus for aktuelle legemiddel ved Covid-19 vil òg publiserast på Legemiddelverket sine nettsider innan kort tid (4).

KONKLUSJON
På bakgrunn av gjeldande lovverk, godkjende indikasjonar for hydroksyklorokin og situasjonen for øvrig, kan det vanskeleg forsvarast at bruk av Plaquenil er innanfor tannlegars rett til føreskriving. I skrivande stund (19. mars 2020) er det òg innført rasjonering av Plaquenil, og vi oppmodar alt helsepersonell til å rette seg etter føringane frå Legemiddelverket.

Referenser:
  1. Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek. § 2-2. (Sist endret: 8. januar 2020).
  2. Helsetilsynet/Statens legemiddelverk. Kommentarer til forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek. Vedlegg til forskrift av 27. april 1998 nr. 455. https://legemiddelverket.no/(Endret: 2004-12-02).
  3. Statens legemiddelverk. Legemiddelverket innfører rasjonering av Plaquenil. https://legemiddelverket.no/ (Publisert: 16. mars 2020).
  4. Spesialrådgjevar, cand.pharm. Statens legemiddelverk, pers.medd. 18. mars 2020.