Frågedatum: 2021-07-21
RELIS database 2021; id.nr. 14940, RELIS Vest
[email protected]
www.svelic.se

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Vaksinasjon med to ulike Covid-vaksiner



Fråga: Ein pasient har fått Janssen koronavaksine i utlandet, og ønskjer å revaksinere seg med Comirnaty, når pasienten får tilbod om dette. Er dette trygt? Kor lenge må det gå mellom desse vaksinene? Kan pasienten få to dosar med Comirnaty? Spørsmål frå farmasøyt.

Svar: Det er Folkehelseinstituttet som utarbeider anbefalingar for koronavaksinering i Noreg. Etter éin dose med Janssen-vaksina reknast ein som fullvaksinert og fullvaksinerte tilrådast enn så lenge ikkje vidare vaksinering i Noreg (1, 2). Tilsvarande vil tilrådingar for revaksinering etter fullvaksinasjon kome frå Folkehelseinstituttet, dersom det skulle bli aktuelt.

Helsepersonell kan kontakte Folkehelseinstituttet sin vaksinerådgiving dersom dei har spørsmål knytt til koronavaksinering av pasientane sine. Telefon: 21 07 70 00, ope alle kvardagar kl. 13.00-14.30. E-post: [email protected]. Spørsmål knytt til eiga helse og koronavaksinering, tilrår vi å ta opp med fastlegen.


Referenser:
  1. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveileder: Koronavaksine. https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/koronavaksine/ (Sist oppdatert: 20. juli 2021).
  2. Folkehelseinstituttet. Vanlige problemstillinger om koronasertifikat. https://www.fhi.no/om/koronasertifikat/til-helsepersonell-vanlige-problemstillinger-om-koronasertifikat/#raad-om-ekstra-vaksinedose-til-personer-som-er-fullvaksinert-basert-p-kombinasjon-av-vaksine-og-infeksjon (Sist oppdatert: 13. juli 2021).