Frågedatum: 2021-07-21
RELIS database 2021; id.nr. 14941, RELIS Vest
[email protected]
www.svelic.se

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Ibuprofen ved feber etter Covid-vaksinasjon



Fråga: Ein farmasøyt kontaktar RELIS og seier at i utlandet er det sterkt fråråda å ta ibuprofen (Ibux) ved feber etter koronavaksine. Er det noko særskilt med koronavaksinene som gjer at dette er tilfellet eller er det feilinformasjon?

Svar: Det er generelt ikkje tilrådd å nytte smertestillande/febernedsettande profylaktisk i forkant av vaksinasjon, men vi kjenner ikkje til at det er fråråda å ta ibuprofen etter koronavaksinasjon, med mindre pasienten har andre kontraindikasjonar mot dette. Amerikanske helsemyndigheiter listar ibuprofen som eit mogleg alternativ ved milde vaksinasjonsbiverknader som smerte og feber etter koronavaksinasjon (1). Generelt er likevel paracetamol førsteval ved behov for febernedsettande og smertestillande.

Studiedeltakarane i utprøvingane av koronavaksinene hadde høve til å ta smertestillande og febernedsettande for å behandle milde biverknader etter vaksinasjon (2-4), og det er ikkje rapportert om nedsett vaksinasjonseffekt eller oppgjeve at ibuprofen er kontraindisert ved vaksinasjon i preparatomtalane (5).

Det er Folkehelseinstituttet som utarbeider anbefalingar for koronavaksinering i Noreg. Helsepersonell kan kontakte Folkehelseinstituttet sin vaksinerådgiving dersom dei har spørsmål knytt til koronavaksinering av pasientane sine. Telefon: 21 07 70 00, ope alle kvardagar kl. 13.00-14.30. E-post: [email protected]. Spørsmål knytt til eiga helse og koronavaksinering, tilrår vi å ta opp med fastlegen.

Referenser:
  1. Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Possible eside effects after getting a COVID-19 vaccine. https://www.cdc.gov/coronavirus/2019-ncov/vaccines/expect/after.html (Sist oppdatert: 24. juni 2021).
  2. Pfizer, BioNTech. A phase 17273, placebo-controlled, radmised, observer-blind, dose-finding study to evaluate the safety, tolerability, immunogenicity, and efficacy of SARS-CoV-2 RNA vaccine candidates against COVID-19 in healthy individuals. https://cdn.pfizer.com/pfizercom/2020-11/C4591001_Clinical_Protocol_Nov2020.pdf (Lest: 21. juli 2021).
  3. Moderna. A phase 3, randomized, stratified, observer-blind, placebo-controlled study to evaluate the efficacy, safety, and immunogenicity of MRNA-1273 SARS-CoV-2 vaccine in adults aged 18 years and older. https://www.modernatx.com/sites/default/files/mRNA-1273-P301-Protocol.pdf (Lest: 21. juli 2021).
  4. Janssen Vaccines and Prevention B.V. A randomized, double-blind, placebo-controlled phase 3 study to assess the efficacy and safety of Ad26.COV2.S for the prevention of SARS-CoV-2-mediated COVID-19 in adults aged 18 years and older. https://www.jnj.com/coronavirus/ensemble-1-study-protocol (Lest: 21. juli 2021).
  5. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Comirnaty, b) Spikevax. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 14. juli 2021).