Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


MCV-stigning som bivirkning av metrotreksat



Fråga: Revmatolog viser til at forhøga middel erytrocyttvolum (MCV) er eit hyppig funn hos pasientar som nyttar lågdose metotreksat mot revmatiske sjukdommar. Revmatologen spør difor om høg MCV gjer at ein bør gjere tiltak eller endringar i behandlinga?

Sammanfattning: Forhøga middel erytrocyttvolum (MCV) er ein velkjend biverknad av metotreksat. Stigning i MCV kan vere ein positiv prediktor for effekt i starten av behandlinga. Ein har ikkje sett at forhøga MCV i seg sjølv er ein prediktiv faktor for hematologiske biverknader og ved litteratursøk har vi ikkje funne at det er råda å gjere endringar i behandlinga med lågdose metotreksat basert på forhøga MCV-verdiar hos pasienten.

Svar: Forhøga middel erytrocyttvolum (MCV) er ein velkjend biverknad av metotreksat, sjølv om det ikkje er oppført i preparatomtala (SPC) (1-3). Biverknaden er relatert til metotreksat sin verknad som folsyreantagonist (4). Forfattarane av ein artikkel i oppslagsverket UpToDate tilrår pausering eller seponering av metotreksat dersom MCV stig til over 110 femtoliter basert på klinisk erfaring. Bakgrunnen er at ein lenge har tenkt at ein stigning i MCV medan pasienten nyttar metotreksat er prediktivt for om pasienten vil utvikle cytopeniar (2, 5). Dette baserer seg på ein liten studie, med 23 pasientar, frå 1989. Det var 6 pasientar som utvikla cytopeniar, der 4 av desse hadde forhøga MCV. Det er ikkje notert om pasientane nytta folsyretilskot, og fleire av pasientane hadde fleire komorbiditetar (5).

I nyare studiar har ein ikkje funne den same assosiasjonen mellom forhøga MCV og ulike cytopeniar (3, 6). I ein oversiktsartikkel vert det konkludert med at ein ikkje kan bruke MCV som markør for cytopeniar, men at komorbiditetar, som var beskrive i studia frå 1989, er assosiert med desse biverknadane (6). Ein har ikkje sett reduksjon i førekomsten av hematologiske biverknader ved å auke folsyretilskotet (6).

Det er også sett at stigning i MCV etter 12 vekers behandling med metotreksat kan vere ein prediktor for klinisk respons hos pasientar med psoriasisartritt (7).

Ved søk i litteraturen, inkludert ulike legemiddelmonografiar og retningslinjer, har vi ikkje funne informasjon om at det er føreslått å gjere endringar i behandlinga med lågdose metotreksat på bakgrunn av forhøga MCV.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Methotrexate (Sist oppdatert: 22. mai 2023). https://www.legemiddelsok.no/
  2. Kremer JM. Major side effects of low-dose methotrexate. Version 43.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 22. april 2022).
  3. White DH, Chapman PT, et al. Lack of association between elevated mean red cell volume and haematological toxicity in patients receiving long-term methotrexate for rheumatoid arthritis. Intern Med J. 2010 Aug; 40(8): 561-5
  4. Held J, Mosheimer-Feistritzer B, et al. Methotrexate therapy impacts on red cell distribution width and its predictive value for cardiovascular events in patients with rheumatoid arthritis. BMC Rheumatol. 2018 Mar; 2: 6.
  5. Weinblatt ME, Fraser P. Elevated mean corpuscular volume as a predictor of hematologic toxicity due to methotrexate therapy. Arthritis Rheum. 1989 Dec; 32(12): 1592-6.
  6. Romão VC, Lima A, et al. Three decades of low-dose methotrexate in rheumatoid arthritis: can we predict toxicity? Immunol Res. 2014 Dec; 60(2-3): 289-310.
  7. Shipa MRA, Langley L, et al. Increased erythrocyte mean corpuscular volume by methotrexate predicts clinical response in psoriatic arthritis. Rheumatology (Oxford). 2022 Aug; 61(9): e270-e273.