

Benzydamin sugetablettar til overvektsopererte
Fråga: Allmennlege lurer på om overvektsopererte kan bruke benzydamin (Zyx) sugetablettar for sår hals? Legen viser til at benzydamin er eit NSAID, noko som overvektsopererte er fråråda å bruke. Legen antar likevel at overvektsopererte fint kan bruke desse sugetablettane, då dosen er liten, dei er lokaltverkande og verkestoffet akkumulerast i inflammert vev. Ho ønskjer ein tilbakemelding om dette for å vere sikker.
Svar: RELIS har tidlegare skrive om bruk av NSAIDs etter overvektsoperasjon. I tillegg til ein direkte irriterande effekt på mageslimhinna hemmar NSAIDs syklooksygenase (COX)-1, noko som medfører redusert prostaglandinsyntese og redusert produksjon av gastrisk slim, som skyddar mageepitelet frå skade. Hos overvektsopererte vil risikoen for sår og erosjon vere ytterlegare auka av at ein kombinasjon av redusert magestorleik og auka pH i magesekken medfører høgare konsentrasjonar av NSAIDs i sjølve magesekken (1, 2).
Benzydamin sugetablettar absorberast og verkar i hovudsak lokalt i svelget. Det er lite truleg at systemisk absorpsjon og effekt av benzydamin vil vere av betyding ved denne administrasjonsforma. I tillegg er dei fysikalsk-kjemiske eigenskapane og dei farmakologiske aktivitetane til benzydamin forskjellige frå dei vanlege smertestillande NSAIDs (3). Desse ulikskapane gjer at benzydamin har låg risiko for å gi magesår, sjølv om ein skulle vere uheldig å tyggje eller svelgje sugetabletten.
Medan dei fleste NSAIDs er svake syrer, er benzydamin ein svak base (3). Ved auka pH i magesekken vil eit svakt basisk legemiddel i større grad forbli ikkje-ionisert og dermed heller absorberast frå magesekken enn frå tynntarmen. I utgangspunktet vil dette då medføre at benzydamin ikkje oppnår høg konsentrasjon i magesekken, men i stor grad passerer mageslimhinna og går over i sirkulasjonen.
Mengda benzydamin i sugetablettane vil likevel vere for låg til å produsere noko systemiske effektar (4). I tillegg er benzydamin berre ein svak hemmar av prostaglandinsyntesen, og ein må dermed opp i betydelege konsentrasjonar før benzydamin effektivt hemmar COX-aktivitet (3).
KONKLUSJON
Som legen antar, kan overvektsopererte fint bruke benzydamin sugetablettar. Absorpsjon og effekt sjåast i hovudsak lokalt i svelget, og det er svært lite sannsynleg at dei aukar risikoen for sår og erosjonar hos desse pasientane.
- Roland PDH, Vorren S. Fedmekirurgi og legemidler generelt samt NSAIDs spesielt. Nor Farmaceut Tidsskr 2016; 124(2): 31-2. (www.relis.no).
- RELIS database 2016; spm.nr. 10923, RELIS Vest. (www.relis.no).
- Electronic Medicines Compendium. Preparatomtale (SPC) Difflam. https://www.medicines.org.uk/emc/ (Sist oppdatert: Mai 2016).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Zyx. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist oppdatert: 27. mars 2015).
