Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Kryssallergi mellom pivmecillinam og fenoksymetylpenicillin



Fråga: Allmennlege har lest at det i tekstar for pivmecillinam åtvarast mot bruk hos personar med penicillinallergi. Kan pasientar som har reagert allergisk mot fenoksymetylpenicillin bruke pivmecillinam (Selexid)?

Svar: Ved penicillinallergi er det vanlegaste at den allergene determinanten er funne i kjernen av ringstrukturen (betalaktamringen) som er felles for alle penicilliner, inkludert pivmecillinam og cefalosporiner. Det er mindre vanleg at den allergene determinanten er funne i sidekjeder (kalla R-grupper) som skil dei ulike penicillina frå kvarandre. Den delen av molekylet som pasienten har danna IgE antistoff mot bestemmer mønsteret av kryssreaktivitet ovanfor andre legemiddel (1).

Både fenoksymetylpenicillin og pivmecillinam har ein betalaktamring, men dei har noko ulike sidekjeder (2). Sidan immunresponsen kan vere retta mot ein felles struktur (mest vanlig), men også mot sidekjedane som er ulike (mykje mindre vanlig), er det difor ikkje mogleg å føreseie responsen på bruk av pivmecillinam hos pasientar med tidlegare straksallergisk reaksjon på fenoksymetylpenicillin. Det er likevel anbefalt at ein unngår pivmecillinam dersom pasienten tidlegare har reagert med straksallergiske reaksjonar på eit anna penicillin, som til dømes fenoksymetylpenicillin (1, 3). Utslett utan kløe under tidlegare penicillinbehandling, indikerer ikkje ein ekte penicillinalllergi, og i slike tilfelle kan pivmecillinam føreskrivast (4).

KONKLUSJON
Pasientar som tidlegare har hatt ein straksallergisk reaksjon mot t.d fenoksymetylpenicillin skal ikkje få pivmecillinam.

Referenser:
  1. Solensky R. Penicillin allergy: Immediate reactions. Version 17.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 7. juli 2016).
  2. Felleskatalogen. Formelregister. http://www.felleskatalogen.no (28. november 2016)
  3. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Selexid. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 23. juni 2014).
  4. Helsedirektoratet. Nasjonale faglige retningslinjer for antibiotikabruk i primærhelsetjenesten. http://www.helsebiblioteket.no/retningslinjer/antibiotika/ (Utgitt 2012).