Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Tran med ekstra vitamin D til baby



Fråga: Ein far hadde ved ein feil kjøpt tran med ekstra innhald av vitamin D (Möller's Pharma Tran D+) på apoteket. Han spurte helsesøster om dei kunne gi litt mindre dose av denne, samanlikna med den vanlege tranen, til baby frå 4 vekers alder. Helsesøster tilrådde at dei heller skulle bruke den vanlege tranen, men ønskjer svar frå RELIS på kva som gjeld for tran med ekstra innhald av vitamin D.

Svar: I følgje produsenten sine nettsider inneheld tran-produktet 15 μg vitamin D i den tilrådde dosen på 5 ml. Vidare oppgjev dei at den tilrådde dosen kan gis frå 3 års alder (1). I følgje norske og nordiske retningslinjer er tilrådd dagleg dose vitamin D-tilskot for barn 10 μg frå 4 vekers alder, som kan dekkast ved inntak av 5 ml vanleg tran dagleg. Totalt inntak av vitamin D frå kost og tilskot bør ikkje overstige 25 μg dagleg over tid (2, 3).

Tilrådingane for tilskot av vitamin D for spedbarn varierer likevel frå 10 μg til 25 μg dagleg i ulike land, det same gjer grensene for kva som er tilstrekkeleg plasmakonsentrasjon av vitamin D (4). I internasjonale retningslinjer er det tilrådd ei nedre tiltaksgrense for vitamin D på 50 nmol/l, medan optimal plasmakonsentrasjon oppgjevast å vere mellom 75 og 150 nmol/l. Verdiar over 200 nmol/l reknast som toksiske (4, 5).

Vi fann ei lita studie som undersøkte effekten av fire ulike doseringar vitamin D til spedbarn, på både plasmakonsentrasjonen og beinmineraltettleik inntil 12 månaders alder (4). Studien randomiserte 132 spedbarn ved ein månads alder til å få eit dagleg tilskot av 10 μg, 20 μg, 30 μg eller 40 μg vitamin D i 11 månader. Ingen av barna hadde plasmakonsentrasjonar under 50 nmol/l ved studiestart.

Resultata viser at det berre var barna som fekk den høgste doseringa (40 μg) som i tilstrekkeleg grad oppnådde ein plasmakonsentrasjon på ≥75 nmol/l, medan alle gruppene i tilstrekkeleg grad oppnådde ein plasmakonsentrasjon ≥50 nmol/l, den nedre grensa før ein tilrår tiltak. Barna i den høgste doseringsgruppa blei likevel sett ned på 10 μg vitamin D etter ei tid, då 15 av 16 barn fekk målt plasmakonsentrasjonar høgare enn ønskjeleg (≥250 nmol/l), noko som er assosiert med hyperkalsemi. Det blei ikkje påvist kliniske funn som viste at denne doseringa hadde verka inn på vekst eller kalsiumnivå. Det blei heller ikkje påvist uheldige kliniske effektar for dei andre gruppene i løpet av studieperioden. Studien fann ikkje noko forskjell i effekt på beinmineraltettleik ved 12 månaders alder mellom dei ulike doseringane. Dei konkluderer derfor med at vitamin D i dosar over 10 μg ikkje medfører nokon tilleggseffektar i høve til normal skjelettutvikling ved 12 månaders alder, men at meir data trengst før ein konkludere for vidare beinutvikling (4).

VURDERING
Norske retningslinjer tilrår eit supplement av vitamin D på 10 μg dagleg frå 4 vekers alder, noko som kan dekkast ved inntak av 5 ml tran dagleg. Somme land har tilrådingar som går utover dette, men foreløpige data indikerer at tilskot utover 10 μg ikkje medfører tilleggseffektar i høve til normal beinutvikling ved 12 månaders alder. Tilskot med innhald av 40 μg vitamin D aukar risikoen for toksiske verdiar og uheldige biverknader.

Det aktuelle tranproduktet med ekstra innhald av vitamin D, inneheld 15 μg per 5 ml og er indisert frå 3 års alder. Vi meiner det ikkje er grunn til å forvente uheldige effektar dersom ein det aktuelle produktet til mindre barn, men vi tilrår likevel ikkje å gå utover retningslinjene om 10 μg vitamin D dagleg.

Referenser:
  1. Møllers, Orkla Health. Möller’s Pharma Tran D+ Naturell. Tilgjengeleg frå: http://www.mollers.no/produkt/mollers-pharma-tran-d-naturell/ (Sist oppdatert: 16. mai 2016).
  2. Nasjonal faglig retningslinje for spedbarnsernæring. Helsedirektoratet 2014. Tilgjengeleg frå: https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/spedbarnsernering (Sist oppdatert: 8. oktober 2016)
  3. Nordic Nutrition Recommendations 2012. Nordic Council of Ministers 2014; 5(11): 1. Tilgjengelig frå: http://www.norden.org/en/theme/nordic-nutrition-recommendation
  4. Gallo S, Comeau K et al. Effect of different dosages of oral vitamin D supplementation on vitamin D status in healthy, breastfed infants: A randomized trial. JAMA 2013; 309(17): 1785-92.
  5. Norsk elektronisk legehåndbok. Vitamin D. http://www.legehandboka.no/ (Sist oppdatert: 22. november 2016).