Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Dosering av melatonin mikstur til barn



Fråga: Eit 2 år gamalt barn får melatonin mikstur 1 mg/ml med dosering 2 ml kveld. Er denne doseringa ok? Spørsmål frå farmasøyt.

Svar: RELIS har svart på spørsmål om melatonin til barn tidlegare (1-3). Det har ikkje framkomme nye opplysningar i eit oppdatert søk.

Det finst ingen generelle tilrådingar for dosering av melatonin utifrå alder eller vekt. Doseringa må derfor gjerast på grunnlag av klinisk respons (1). Generelt nyttast gjerne ikkje-depotformuleringar 1-3 mg for sømninduksjon/ved døgnrytmeforstyrringar, medan depotformuleringar 2 mg nyttast 1-2 timar før sengetid ved insomni/tidleg oppvakning (ikkje spesifisert for barn). Ei nyleg RELIS-utgreiing som blant anna undersøkte dosering av melatonin til barn fann kjelder som oppga følgjande tilrådingar:

Døgnrytmeforstyrringar: 0,3-1 mg 4-5 timar før sengetid reknast som ein typisk dose i følgje ein oppsummeringsartikkel, medan ein database basert på produktmonografiar oppgjev dosering til barn og ungdom på 2-5 mg ved sengetid, eventuelt opp mot 10 mg.

Insomni: 0,3-1 mg for unge barn, 2,5-5 mg for skulebarn og 5-10 mg for ungdom og barn med spesielle behov (2).

Generelt tilrår ein i første rekke ikkje-medikamentelle tiltak ved sømnproblem, særskilt hos barn. Det føreligg ikkje god dokumentasjon for effekt ved behandling av barn med melatonin for nokon indikasjon. Somme oppgjev at melatonin kan forsøkast, avhengig av type sømnproblem, men bruk til behandling av langvarige sømnproblemer (>1 mnd) er generelt ikkje tilrådd. Tilgjengeleg dokumentasjon tydar på at korttidsbehandling med melatonin er godt tolerert hos både barn og vaksne, medan tryggleiken ved langtidsbruk er mindre kjend. Ved bruk av melatonin hos barn, tilrår ein lågaste effektive dose og jamnleg kontroll med revurdering av behandlinga (2, 3).

KONKLUSJON
Det finst ingen generelle tilrådingar for dosering av melatonin til barn, og dosering gjerast gjerne på grunnlag av klinisk respons. Det finst kjelder som oppgjev doseringar til barn frå 0,3 til 10 mg dagleg, avhengig av type sømnproblem. Generelt tilrår ein å nytte lågaste effektive dose og føreta jamnleg revurdering av behandlinga.

Referenser:
  1. RELIS database 2016; spm.nr. 5888, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  2. RELIS database 2016; spm.nr. 7303, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  3. RELIS database 2015; spm.nr. 5371, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)