Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Tramadol og nye helsekrav til førarkort



Fråga: Etter innføring av nye helsekrav til førarkort er det blitt kommunisert at helsekrava er oppfylt dersom korttidsvirkande opioid nyttast i stabil dosering innanfor ein døgndose på maksimalt 300 mg orale morfinekvivalentar. Lege har vurdert at inntil 6 tablettar paracetamol/kodein (Paralgin forte) i døgnet vil oppfylle helsekravet. Kor mykje tramadol er innanfor 300 mg orale morfinekvivalentar per døgn? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: I følgje rettleiaren for førarkort (1) er helsekrava oppfylt for førarkortgruppe 1 ved kronisk smertebehandling med opioid dersom:


  • det er klar medisinsk indikasjon

  • det er minst ei veke etter siste doseauke

  • det brukast en maksimal døgndose som tilsvarar inntil 300 mg orale morfinekvivalentar

  • legemidla er langtidsvirkande, og

  • det har gått åtte timar etter inntak av ekstra dose korttidsvirkande opioid


Med langtidsvirkande legemiddel ved opioidbruk meinast at vedkommande har ein jamn serumkonsentrasjon gjennom døgnet, noko som påverkar trafikktryggleiken i liten grad. I tillegg til dette ligg det til grunn at pasienten openbert ikkje er påverka av behandlinga. Som spørsmålsstillar påpeiker, vil dermed legemiddel som klassifiserast som korttidsvirkande bli rekna som å ha langtidsverkande effekt ved fast dosering. Normalt reknast fast dosering over 2 veker å oppfylle vilkåra om langtidsvirkande effekt (2).

Det finst konverteringstabellar for ekvianalgetiske dosar av opioid. I tabellen frå Norsk legemiddelhandbok blir 30 mg morfin per os sett å tilsvare omlag 200 mg kodein (ekvianalgetisk ratio 0,05-0,15), og omlag 150 mg tramadol (ekvianalgetisk ratio: 0,1-0,2). Sistnemnte inkluderer òg depotformuleringar. Verdiane er omtrentlege og kan variere frå pasient til pasient og i ulike situasjonar. Ved konvertering mellom ulike opioid, vil det vanlegvis vere rett å dosere det nye opioidet lågare enn ekvianalgetisk dose, og eventuelt titrere vidare opp til effekt (3).

Dette inneber at 6 tablettar Paralgin forte dosert jamnt gjennom døgnet over ein lengre periode (>2 veker) vil tilsvare i underkant av 30 mg morfin per os, og dermed vere innanfor kravet om maksimalt 300 mg orale morfinekvivalentar. Dette føreset at legemidlet er indisert for ein klart definert kronisk smertetilstand og at det er gått minst ei veke sidan siste doseauke. Under tilsvarande vilkår vil maksimal tilrådd døgndose av tramadol (400 mg) tilsvare omlag 80 mg morfin per os, og dermed vere innanfor kravet om maksimalt 300 mg orale morfinekvivalentar.

Normale døgndosar tramadol i jamn dosering for kronisk smertebehandling vil dermed oppfylle helsekrava i den nye førarkortforskrifta. Dette føreset at andre høve som kan medføre at helsekrava ikkje er oppfylt er vurdert og utelukka. Det er blant anna viktig å vere merksam på at ved bruk av to legemiddel opplista i §36 i forskrifta, reduserast den oppgjevne døgndosen med 50%. Helsekrava er ikkje oppfylt ved bruk av tre eller fleire legemiddel opplista i §36 (1, 2).

KONKLUSJON
Bruk av normale døgndosar tramadol i fast dosering for kronisk smertebehandling over 2 veker er vurdert å oppfylle helsekrava til førarkortgruppe 1. Dette føreset at det er tatt høgd for andre høve som kan medføre at helsekrava ikkje er oppfylt.

Referenser:
  1. Førerkort - veileder til helsekrav (gjeldende fra 1. oktober 2016). IS-2541. Helsedirektoratet 2016. www.helsedirektoratet.no/ (Sist oppdatert: 18. oktober 2016).
  2. Roland PDR, Lundgaard H. Bytte til langtidsvirkende opioider og nye helsekrav til førerkort. (Sist oppdatert: 16. september 2016). www.relis.no
  3. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Tabell 1 Ekvianalgetiske doser av opioidanalgetika og virkningstid. http://www.legemiddelhandboka.no/ (Sist endra: 31. oktober 2016).