

Risiko ved bruk av sildenafil som ikkje er foreskrive av lege.
Fråga: Apotekfarmasøyt har fått spørsmål frå kunde om kor vidt det kan vera skadeleg å bruka sildenafil (Viagra) utan indikasjon og utan at det er foreskrive av lækjar. Det vert spurt om kor raskt ein eventuelt vil merka biverknader, og om desse er doseavhengige. Ho etterspør litt generell informasjon om dette.
Svar: Sildenafil er indisert til vaksne menn med erektil dysfunksjon. Det vil sei som har manglande evne til å få, eller oppretthalda, ein ereksjon som er tilstrekkeleg for tilfredstillande seksuell aktivitet. Seksuell stimulering er naudsynt for at sildenafil skal ha effekt. Før ein vurderer oppstart av farmakologisk terapi, skal ein ta opp sjukehistorie og gjennomføra klinisk undersøkjing for å stadfesta diagnosen, samt vurdera moglege årsaker til erektil dysfunksjon (1a). Sildenafil er også godkjent for bruk ved pulmonal arteriell hypertensjon hjå born og vaksne (1b).
Sildenafil vert absorbert raskt, og maksimal plasmakonsentrasjonstid vert oppnådd mellom 30 og 120 minuttar etter peroral dosering fastande. Terminal halveringstid er 3-5 timar. Biverknader vil dermed kunne komma relativt raskt etter medikamentinntaket. Sildenafil interagerer med ei rekke ulike lækjemiddel, og bruk av sildenafil er kontraindisert hjå pasientar som brukar nitroglycerin eller andre nitrat (1a).
Ein har mistenkt at sildenafil og tilsvarande preparat i aukande grad vert brukt som eit seksualhjelpemiddel hjå menn som ikkje har nokon medisinsk indikasjon for å bruka det. Fleire studier underbyggjer denne teorien. Det ser ut til at individa i denne gruppa opplever same biverknader som pasientar som har fått foreskrive Viagra mot mannleg impotens (2-4). Det har dessutan vorte vist at seksuell aktivitet over forlenga tid, slik ein kan verta i stand til under påverknad av ein medikamentcoctail som involverer sildenafil, kan føra til signifikant auke i smitterisiko for seksuelt overførbare sjukdommar. Særleg gjeld dette ved samleie utan kondom, noko som er vist å vera vanleg i denne konteksten (5).
Dei vanlegaste biverknadene er tett nase, hovudpine, rødming, sure oppstøt, urinvegsinfeksjon, diare, svimmelhet og feber Ved større dosar enn det som er tilrådd, ser ein dei same biverknadene, men hyppigare. Forlenga ereksjon, priapisme, har vorte rapportert i relasjon til sildenafilbruk. Dette er ein medisinsk akuttilstand som ved forsinka behandling kan føra til skada penisvev og premanent potenstap. I tilknytning til sildenafilbruk er det rapportert dødsfall som skuldast kardiovaskulære hendingar. Ein kombinasjon av kardiell risikoprofil, sildenafilbruk og seksuell aktivitet kan ha spelt ei rolle ved dødsfalla, men avgrensa informasjon gjer det gjerne vanskeleg å visa nokon direkte samanheng (1a,6). Ein skal vera særleg varsam ved foreskriving av sildenafil til pasientar som har hatt hjarteinfarkt, slag eller livstruande kardielle arrytmiar siste seks månader, pasientar med hypo- eller hypertensjon, dehydrering eller iskemisk hjartesjukdom.
Når nokon inntek lækjemiddel som dei ikkje har fått foreskrive av lækjar, er det naturleg å spørja seg korleis dei har fått tak i desse. Har dei fått dei av vener eller familie som har fått dei på resept, har dei kjøpt dei på apotek i utlandet, handla på nett, eller kjøpt dei på den svarte marknaden i Noreg eller utlandet? Det finst ein stor illegal marknad for falske lækjemiddel, og potensmiddel utgjer 50-60% av dette (7). Om ein har fått tak i eit preparat som skriv seg herifrå, kan ein ikkje vera sikker på om innhaldet i tabletten stemmer med det ein er trur at ein kjøper. Risikoen for forgiftningar, biverknader og interaksjonar aukar dermed ytterlegare enn ved bruk av registrerte lækjemiddel.
KONKLUSJON:
Pasientar som brukar sildenafil utan at det er foreskrive av lækjar, har same risiko for biverknader som dei som brukar det på klinisk indikasjon. Biverknadene er dei same, men opptrer hyppigare dersom ein brukar større dose enn det som er tilrådd. Plagene vil, til liks med den ynskte effekten, kunne komma snarleg etter inntak. Sildenafil interagerer med ei rekke andre medikament, og ein skal vera særleg merksam ved foreskrivning til pasientar med visse medisinske tilstander. Dermed er det ein betydeleg risiko knytt til å ta medikamentet utan at dette er vurdert av lækjar. Potensmiddel er dessutan den preparatgruppa som aller hyppigast vert forfalska. Dette aukar risikoen ved ikkje-føreskriven bruk ytterlegare.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Viagra. (sist oppdatert: 12. juli 2016). b) Revatio. (sist oppdatert 21. november 2016). http://www.legemiddelsok.no/
- Chan WL, Wood DM, et al. Significant misuse of sildenafil in London nightclubs. Subst Use Misuse. 2015;50(11):1390-4.
- Bechara A, Casabé A,et al. Recreational use of phospodiesterase type 5 inhibitors by healthy young men. J sex med. 2010;(11):3736-42
- Freitas VM, Menezes FG et al. Use of phospodiesterase 5 inhibitors by college student. Rev saude publica. 2008;42 (5) 965-7
- Giorgetti R, Tagliabracci A, et al. When "chems" meet sex: a rising phenomen called "ChemSex" Curr Neuropharmacol 2016
- Clinical Pharmacology 2017 database. Sildenafil. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (17. mars 2017).
- NRK Radio. Ekko: Falske medisiner. Madsen, Steinar. https://radio.nrk.no/serie/ekko/MDSP25002217/31-01-2017 (Publisert 31.januar 2017)
