

Maltekstrakt som middel mot forstoppelse til spedbarn
Fråga: Helsesøster spør om det er grunnlag for å tilrå at ein blandar maltekstrakt i morsmjølkerstatninga for å unngå forstoppelse, eller kvifor ein eventuelt ikkje bør gjera det.
Svar: Maltekstrakt inneheld eit tungtfordøyeleg sukker, maltose, og er tradisjonelt mykje brukt mot forstoppelse hjå spedbarn. Det verkar gjennom å halda tilbake vatn i tarmen. Prinsippet bak medikamentell behandling med laktulose og polyetylenglykol (til dømes Movicol) er det same, at eit stort og vanskeleg løyseleg molekyl får meir vatn til å bli att i tarmen.
Norsk elektronisk legehandbok nemner, som eit av fleire aktuelle tiltak, å blanda maltekstrakt i morsmjølkerstatninga til forstoppa spedbarn, men dette ser ikkje ut til å vera basert på studier (1). Bruken ser også ut til å vera kjent internasjonalt (2,3). Eit generelt litteratursøk gav ikkje andre kontraindikasjonar enn allergi mot malt.
Forskninga som finst på forstoppelse er helst gjort hjå større born. Dei involverer ikkje maltekstrakt som eit av behandlingsalternativa, men ser på effekten av lækjemiddel som laktulose og polyetylenglykol (4). At Norsk barnelegeforening heller ikkje nemner maltekstrakt som behandlingsalternativ ved kronisk forstoppelse, vil me tru skuldast at det er ei fødevare og ikkje eit lækjemiddel (5).
KONKLUSJON
Bruk av malt mot forstoppelse hjå spedbarn er utbreidd, og er kjent i så vel norske som internasjonale fagmiljø. Effekten er i liten grad studert, og bruken er dermed ikkje evidensbasert. Det ser ikkje ut til å vera andre kontraindikasjonar mot maltekstrakt enn ein eventuell allergi mot produktet.
- Norsk elektronisk legehåndbok. Forstoppelse hos barn. http://www.legehandboka.no/ (Sist oppdatert: 30. november 2016).
- Croffie, J.M. Constipation in children. Indian J Pediatr 2006 (73): 697-701
- Baker SS, Liptak GS, et al. Constipation i infants and children: Evaluation and treatment. J Pediatr Gastroenterol Nutr. 1999; 29(5): 612-26
- Gordon M, MacDonald JK, et al. Osmotic and stimulant laxatives for the management of childhood constipation. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 8.
- Norsk barnelegeforening. Generell veileder i Pediatri. 5.22 Kronisk obstipasjon. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist revidert 1. juli 2011)