

Behandling av urtikaria i svangerskapet
Fråga: Ei kvinne som er gravid i veke 13 er plaga med elveblest. Plagene var der frå før, men har vorte mykje verre under graviditeten. Tidlegare brukte ho med god effekt feksofenadin (Telfast) 180 mg x 4. Etter at ho vart gravid vart dosen halvert, men dette har ikkje vore tilstrekkeleg til å halda henne symptomfri. Legen spør om det er trygt å auka dosen att, og om det eventuelt finst andre middel ho kan nytta med betre effekt.
Svar: Antihistamin i svangerskapet
Lang klinisk praksis og til dels omfattande studier har ikkje vist at bruk av antihistamin i svangerskapet har teratogene effekter. Dette gjeld både 1.og 2. generasjons antihistamin (1). Sjølv om feksofenadin vert rekna som trygt å bruka i svangerskapet, finst det langt meir erfaring med bruk av loratadin og cetirizin til gravide, og dette vert difor ofte halde fram som fyrstevala (2a,3,4). Det ligg ein nyleg oppdatert artikkel om dette på nettstaden vår (5).
Europeiske retningsliner
Behandlingsalgoritmen i Europeisk forum for dermatologi sine retningsliner for urtikaria opnar for at ein ved manglande effekt av 2. generasjons antihistamin i normaldosering, med 14 dagars intervall kan auka dosen opp til fire gonger vanleg maksimaldose. Basert på klinisk konsensus seier dei at denne algoritmen også kan fylgjast av gravide og ammande (6). Dersom ein ikkje kjem i mål med 2. generasjons antihistamin er neste steg immunsuppressiva som omalizumab, montelukast og ciclosporin A. Det er lite erfaring med å bruka dei to førstnemnde på gravide (2b-d). Ciclosporin er brukt ein del utan at det er påvist at den gir fosterskadar. Behandling med ciklosporin er ei spesialistoppgåve. Prednisolonkur er også eit alternativ ved forverring.
Høgdose antihistamin
Ei RELIS-utreiing frå 2015 vurderer høgdose antihistamin opp mot prednisolonbehandling til ei gravid kvinne. Dei har ikkje greidd å finna nokon informasjon om kva type fosterskadar som eventuelt kunne oppstå ved høgdose antihistamin, og konkluderer med at dette vert fyrstevalet (7). Me har gjennom nytt litteratursøk ikkje funne studier som tek for seg høgdosebehandling med antihistaminer hjå gravide.
KONKLUSJON
2. generasjons antihistamin er fyrstevalet mot urtikaria, også til gravide. Feksofenadin vert rekna som trygt å bruka av gravide, men då det finst meir data på bruk av cetirizin og loratadin i svangerskapet, er desse fyrstevala. Dersom ein ikkje kjem i mål med behandling i normal dosering, kan ein i tråd med dei europeiske retningslinene for urtikaria også hjå gravide auka dosen inntil fire gonger vanleg dose. Me har ikkje funne studier på tryggleiken ved behandling med høge dosar antihistamin hjå gravide, men vil likevel etter ei samla vurdering tilrå dette før ein går til neste trinn i algoritmen.
- Schaefer C, Peters P et al., editors. Drugs during pregnancy and lactation 2015; 3rd ed.: 59-60
- Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Läkemedel och amning. a)fexofenadin. b)omalizumab c)montelukast d)ciclosporin. http://www.janusinfo.se/Beslutsstod/Lakemedel-amning/ (Søk: 4.mai 2017).
- Khan DA. Chronic urticaria: Standard management and patient education. Version 23.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 7. april 2017).
- Tjønn-Lindland H, Heitmann K. Pollenallergi hos gravide og ammende – hva er trygg behandling? http://www.relis.no (Publisert: 7. april 2017).
- RELIS database 2014; spm.nr. 3928, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Zuberbier T, Aberer W, et al. The EAACI/GA2LEN/EDF/WAO Guideline for the definition, classification, diagnosis and management of urticaria: the 2013 revision and update. Allergy 2014; 69 868-87
- RELIS database 2015; spm.nr. 5508, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
