Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Vitamin B12 ved tynnfibernevropati og overdosering/toksisitet



Fråga: Spørsmålet gjeld ein pasient i 40-åra med kroniske smerter og kjent tynnfibernevropati. I oppfølginga av pasienten blei det oppdaga mangel på vitamin B12 (kobalamin). Det blei starta opp med depotinjeksjon med vitamin B12 ein gong i veka, noko som pasienten har svært god effekt av. Etter fire behandlingsveker er kobalaminstatus normalisert, og som tilrådd i behandlingsretningslinjer skal pasienten no gå over til injeksjon kvar 3. månad. Lege lurer på om det finst solid forsking på konsekvensar av overdosering/toksisitet av vitamin B12?

Svar: RELIS har nyleg svara på eit liknande spørsmål om risikoen for overdosering/toksisitet ved hyppige injeksjonar av vitamin B12 (1).

Vitamin B12 har låg akutt toksisitet og farmakokinetikken sannsynleggjer at overskotet vil skiljast ut i urinen. Det ventast derfor ingen eller kun milde symptom ved ei eventuell overdosering. Eventuelle symptom kan vere kvalme, oppkast og svimmelheit. Den norske preparatomtalen for hydroksokobalamin (Vitamin B12 Depot) og cyanokobalamin (Vitamin B12) opplyser at symptom på overdosering ikkje er vist. Bruk, effekt og tryggleik av hyppige injeksjonar over lang tid er derimot ikkje godt dokumentert (1).

Vitamin B12 (kobalamin) er eit vassløyseleg vitamin og koenzym involvert i DNA-syntese, og er viktig for både hematopoiese og nydanning av ei rekkje andre vev. Kobalaminmangel er blant anna assosiert med nevropatiar og myelopatiar (1).

Ein anerkjent database som samlar oppdatert evidens for effekt og tryggleik av blant anna vitaminer skriv at vitamin B12 gitt parenteralt blant anna brukast til behandling av smertetilstandar som postherpetisk nevralgi og diabetisk nevropati, samt generell trøyttleik (fatigue). Ved oppsummering av evidensen finn dei at subkutan injeksjon av 1 mg metylkobalamin seks gonger i veka i fire veker mulegvis er effektivt for å redusere smerter og behovet for andre smertestillande ved postherpetisk nevralgi. For diabetisk nevropati og trøyttleik nyttast intramuskulære injeksjonar høvesvis dagleg og to gonger i veka, men her finst det ikkje nok dokumentasjon til å kunne vurdere effekt (1, 2).

I studiene det visast til har behandlingsvarigheita for desse injeksjonsbehandlingane vore på to til fire veker. Ved diabetisk nevropati har òg dagleg peroral behandling vore nytta, då i inntil fire månader (2). Vi har ikkje funne litteratur som omtalar behandlingsvarigheit utover dette ved desse tilstandane.

Mekanismane for ein eventuell positiv effekt av vitamin B12 på nevropati er foreløpig ikkje kjend.

KONKLUSJON
Vitamin B12 har generelt låg akutt toksisitet og det ventast derfor ingen eller berre milde symptom ved eventuell overdosering. Dokumentasjon for bruk, effekt og tryggleik av hyppige injeksjonar med vitamin B12 over lengre tid enn fire veker er mangelfull.

Referenser:
  1. RELIS database 2017; spm.nr. 11619, RELIS Vest. (www.relis.no)
  2. Natural Medicines. Vitamin B12. http://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 6. juni 2016).