Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


P-plaster og soleksponering



Fråga: Ein apotekfarmasøyt lurer på om soleksponering vil auke opptaket frå p-plaster innehaldande norelgestromin og etinyløstradiol (Evra)?

Svar: KONKLUSJON Ekstern varmepåverknad ved ulike tilhøve medførte ikkje klinisk relevante endringar i opptak og eksponering for norelgestromin og etinyløstradiol frå Evra plaster. Sjølv om soleksponering ikkje var blant tilhøva som vart undersøkt, er det ikkje grunn til å forvente endringar i opptak og legemiddeleksponering etter slik varmepåverknad. Bakgrunnen for dette utdjupast under.

BAKGRUNN
Plaster som frigjer legemiddel som skal virke systemisk kallast med ei fellesnemning transdermale legemiddelsystem (TDS). Ekstern oppvarming vil kunne endre legemiddelfrigjeringa frå transdermale legemiddelsystem (TDS). TDS er likevel ulike i design og er ulike i kor ømfintlege dei er for varmepåverknad (1).

Opptaket av norelgestromin og etinyløstradiol frå Evra plaster er i følgje preparatomtalen studert under varmare temperaturar og høgare luftfuktigheit, ved bruk i blant anna badstove, boblebad, og ved ulike treningsaktivitetar. Ingen av tilhøva medførte at legemiddelkonsentrasjonar utanfor referanseområdet (2).

Sjølv om eksponering for sol ikkje er direkte undersøkt, forventer vi ikkje at ein slik varmepåverknad skal medføre annleis opptak samanlikna med dei andre tilhøva som er undersøkt. Ekstern varmepåverknad VIL sjeldan medføre at temperaturen på huda overstig 43℃, grunna kroppens termoregulering. Gjennomsnittleg hudtemperatur ved opphald i badstove er vist å ligge på rundt 40-41℃ (1). I følgje preparatomtalen kan Evra plaster blant anna påførast på ytre overarm eller øvre del av brystkassen - stader som kan bli eksponert for sol. Det er heller ikkje nemnt at ein må unngå direkte soleksponering ved bruk av Evra plaster (2).

Evra plaster skal ikkje påførast skada eller irriterte hudområde, og ein bør derfor vere påpasseleg ved solbrenheit. Som for andre hormonelle prevensjonsmiddel kan kloasme og melasme oppstå ved bruk. Kvinner med kloasmetendens bør unngå sollys og ultrafiolett stråling under bruk av Evra plaster (2).

Referenser:
  1. Hao J, Ghosh P et al. Heat effects on drug delivery across human skin. Expert Opin Drug Deliv 2016; 13(5): 755-68.
  2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Evra. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 27. mai 2016).