

Makrocytær anemi eller beinmargsdepresjon av apikasaban
Fråga: Ein pasient opplevde aukande dyspné med gradvis forverring to dagar etter bytte frå warfarin (Marevan) til apiksaban (Eliquis). Pasienten har kjent hjartesvikt og atrieflimmer og har hatt kjent, stabil dyspné før oppstart med apiksaban. Pasienten er no innlagt grunna forverringa av dyspnéen. Hemoglobin (Hb) 8 g/dL, leukocyttar (LPK) 1,1 x 10 9 /L, trombocyttar (TPK) 105 x 10 9 /L, makrocytær anemi med middel erytrocyttvolum (MCV) 110 fL. B12 og folat er båe i normalområdet. Utgreiing av malignitet er igongsett. Kan apiksaban gje makrocytær anemi eller beinmargsdepresjon? Spøsmål frå medisinstudent med lisens.
Svar: Anemi er rapportert som ein vanleg biverknad av apiksaban ved forbygging av venøs tromboembolisk sjukdom (VTE). Dette er i stor grad tenkt å vere knytta til akutt blødning, og makrocytær anemi er ikkje rapportert spesifikt for apiksaban. Beinmargsdepresjon er ikkje ein kjend biverknad av apiksaban, men trombocytopeni er rapportert (1, 2).
Bruk av apiksaban er assosiert med auka fare for okkult eller synleg blødning, som kan resultere i posthemorragisk anemi (1). Det er ikkje kjend korleis bytte frå warfarin til apiksaban er gjennomført, men dersom dette har skjedd direkte og ikkje i høve til det som er tilrådd, vil risikoen for blødning vere auka (3).
Ved anemi årsaka av blødning vil retikulocyttalet normalt auka, med påfølgjande auke i MCV. Sjølv om pasientens alder er her ikkje kjend, er det verd å nemne at aldersendringar i beinmarg reduserer evna til å kompensere for akutte endringar, til dømes ved blødning. Førekomsten av anemi aukar òg med alder, og anemien forblir då også oftare uforklart (4).
KONKLUSJON
Sjølv om anemi er ein vanleg biverknad av apiksaban, er ikkje makrocytær anemi spesifikt rapportert. Okkult blødning med påfølgjande auke i retikulocyttar og MCV bør undersøkast som mogleg årsak. Beinmargsdepresjon etter bruk av apiksaban er ikkje kjend, men trombocytopeni er rapportert.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Eliquis. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 22. februar 2017).
- Clinical Pharmacology 2017 database. Apixaban. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 22. juli 2016).
- Helsedirektoratet. Informasjon om warfarin og de direkte virkende perorale antikoagulasjonsmidlene dabigatran, rivaroksaban og
- apixaban. IS-2050. Versjon 2.2. April 2015. http://www.helsedirektoratet.no/
- Kittang BR, redaktør. Metodebok for sykehjemsleger 2015, 1.utg. Avdeling for sykehjemsmedisin, Etat for alders- og sykehjem, Bergen kommune. http://www.sykehjemshandboka.no/
