

Dokumentert effekt av selen til pasientar med lågt stoffskifte
Fråga: Ein pasient som behandlast medikamentelt for lågt stoffskifte har lese at selen kan vere til hjelp. Finst det dokumentasjon på at kosttilskot med selen har effekt for pasientar med lågt stoffskifte? Spørsmål frå apotekfarmasøyt.
Svar: KONKLUSJON Selenmangel er assosiert med høgare førekomst av lågt stoffskifte og andre tyreoideasjukdommar, og det har vore foreslått av somme pasientar kan ha nytte av tilskot. Det skal likevel ein alvorleg selenmangel til før tyreoideafunksjonen påverkast, og det er ikkje dokumentert at alle pasientar med lågt stoffskifte bør ta selentilskot. For høgt inntak av selen utgjer òg ein risiko, og ein skal derfor vere varsam med å bruke selentilskot utan at det føreligg data på låge verdiar eller mangeltilstand. Under utdjupast bakgrunnen for konklusjonen.
BAKGRUNN
Lågt stoffskifte, hypotyreose, skuldast svikt i skjoldkjertelen (tyreoidea). Det kan vere fleire årsaker til svikten, dei vanlegaste er autoimmun betennelse (tyreoiditt), eller skade av kjertelen som følgje av kirurgi, stråling eller radioaktiv jodbehandling, ev. jodmangel (1).
Selen er eit essensielt sporstoff som skyddar skjoldkjertelen frå skade årsaka av frie radikal, og speler ei viktig rolle i metabolismen av tyreoideahormon. Skjoldkjertelen er det organet i kroppen med høgast selen-konsentrasjon og er i stand til å oppretthalde desse nivåa lengre enn andre vev ved ein mangeltilstand. Selen-mangel er likevel assosiert med høgare prevalens av tyreoideasjukdom, og hos pasientar med låge plasmanivå eller mangeltilstand av selen kan tilskot derfor vere nyttig. Det manglar likevel data på om tilskot av selen kan skydde mot utvikling av hypotyreose og ein treng fleire studier for å bekrefte ein eventuell positiv effekt (2-6).
Det finst fleire undersøkingar av selentilskot og effekt ved etablerte tyreoideasjukdommar, og det har vore undersøkt som behandlingsalternativ. Effekten av selentilskot ved hypotyreose årsaka av autoimmun tyreoiditt er sprikande. Nokre studier har vist at inntak av 100-200 μg dagleg i 3-12 månader i tillegg til levotyroksin kan redusere nivåa av autoimmune antistoff og betre symptom, medan andre studier ikkje har vist denne effekten. Fleire av studiene hadde metodiske veikskapar, noko som vanskeleggjer tolking av resultat. Det er meir robuste randomiserte, kliniske studier som pågår no, men resultat frå desse ventast ikkje før i 2018. Med bakgrunn i foreløpig evidens finst det derfor ikkje noko generell tilråding om selentilskot til pasientar med hypotyreose, heller ikkje i norske retningslinjer (3-7).
Selen finst i fleire matvarer, blant anna fisk, fullkorn, nøtter og frø. I Noreg er tilrådd dagleg inntak av selen for vaksne 50-60 μg, og seleninnhaldet i eit norsk kosthald dekker vanlegvis dette. Eit tilskot av selen må derfor vurderast på bakgrunn av den totale samansetninga av kosthaldet, i samråd med lege eller klinisk ernæringsfysiolog (2, 8).
Selen-nivåa i plasma er direkte avhengig av inntaket av selen, og ved dosar over 300 μg aukar risikoen for selen-toksisitet (selenose). Toksiske nivå er òg rapportert ved lågare dosar (200 μg) hos personar som i utgangspunktet har eit høgt inntak av selen via kosten, eller kor tilskot er brukt over fleire år. For høgt inntak av selen kan verke øydeleggjande på syntesa av tyreoideahormon, og mulege biverknader inkluderer tap av hår og negler, anoreksi, diaré, lever- og nyreskade, blindheit, hyperglykemi og aterosklerose. Maksimalt dagleg seleninntak er i Noreg sett til 300 μg (2-6, 8).
Referenser:- Norsk elektronisk legehåndbok. Hypotyreose. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 2. juni 2016).
- Norsk elektronisk legehåndbok. Mineraler og sporstoffer. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 23. november 2016).
- Natural Medicines. Selenium. http://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 19. april 2017).
- Ventura M, Melo M et al. Selenium and thyroid disease: from pathophysiology to treatment. Int J Endocrinol 2017; 2017:1297658.
- Hu S, Rayman MP. Multiple nutritional factors and the risk of Hashimoto's Thyroiditis. Thyroid 2017; 27(5): 597-610.
- Liontiris MI, Mazokopakis EE. A concise review of Hashimoto thyroiditis (HT) and the importance of iodine, selenium, vitamin D and gluten on the autoimmunity and dietary management of HT patients. Points that need more investigation. Hell J Nucl Med 2017; 20(1): 51-56.
- Nedrebø BG, Åsvold BO. Hypotyreose. Nasjonal veileder i endokrinologi 2015. Norsk endokrinologisk forening, Den norske legeforening. http://www.helsebiblioteket.no/ (Lest: 19. juli 2017).
- Nordic nutrition recommendation 2012. Nordisk ministerråd, København, 2014. Tilgjengeleg frå: http://ww.norden.org/ (Sist oppdatert: 26. september 2016).
