

Bruk av systemisk aciclovir/valacilovir ved residiverande herpesmunnsår
Fråga: Fastlege har fått spørsmål frå fleire pasientar som bruk av systemisk aciklovir/valaciklovir i samband med residiverande ukompliserte herpesmunnsår. Dei har sagt at fleire andre har fått foreskrive dette, og hatt bra effekt av det. Legen ber om vurdering knytt til tryggleik og effekt.
Svar: Nytten av systemisk antiviral profylakse til immunokompetente ved residiverande Herpes labialis er omdiskutert, og det er gjort langt fleire studier på bruken ved Herpes genitalis enn på Herpes labialis(1-3).
For å undersøkja om aciklovir kunne føra til lågare residivfrekvens eller raskare tilheling, vart det gjort eit studie på 237 skiløparar med residiverande herpes labialis utløyst av soleksponering. Peroral aciklovir (800 mg to gonger dagleg) starta 12-24 timar før soleksponering og kontinuert i tre til sju dagar, gav ingen klinisk vinst i høve til placebogruppa. I eit anna studie vart 147 skiløparar med tilbakevendande herpesmunnsår behandla med profylaktisk aciklovir eller placebo. Her såg ein klinisk effekt ved at kun 5 prosent i aciklovirgruppa fekk utbrot, mot 26 prosent i placebogruppa (1).
I retningslinene frå amerikanske John Hopkins universitet vert profylaktisk bruk av systemiske antivirale middel rekna opp som ein behandlingsmulighet utan at bruken vert problematisert. Imidlertid står det at profylaksen ikkje hindrar utbrot, men reduserer hyppighet og alvorlighetsgrad. Dersom ein får utbrot under behandling, vil ikkje doseauke hjelpa. Dei skriv også at det finst dokumentasjon for inntil seks års samanhengande bruk av aciklovir til immunokompetente utan biverknader eller stor risiko for resistensutvikling (4). Det må likevel nemnast at denne bruken også i USA er utanfor godkjent indikasjon (5). BMJ Best practice skriv at effekten av slik behandling bør revurderast kvar 6.-12. månad (2).
RELIS har tidlegare omtala eit liknande spørsmål, og konkluderte då med at systemisk profylakse i somme tilfelle kan vera aktuelt, men at det er ei spesialistoppgåve (6).
KONKLUSJON
Systemisk profylakse med aciklovir eller valaciklovir ved residiverande herpes labialis er omdiskutert, men kan av somme opplevast som nyttig ved hyppige residiv. Denne bruken er utanom godkjent indikasjon, og vert gjerne rekna som ei spesialistoppgåve.
- Klein RS . Prevention of herpes simplex virus type 1 infection in immunocompetent patients. Version 6.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 15. september 2016).
- Herpes simplex infection. In: BMJ Best practice. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 15. februar 2017).
- Ardunoio PG, Porter SR. Oral and perioral herpes simplex virus type 1 (HSV-1) infection: review of its management. Oral Dis. 2006; 12(3), 254-70
- Bartlett JG, Pham Pa. Herpes simplex virus. In: John Hopkins ABX-guide 2016 .http:// www.hopkinsguides.com (Sist oppdatert: 27. desember 2014).
- Clinical Pharmacology 2017 database. Acyclovir. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (26. juli 2017).
- RELIS database 2016; spm.nr. 11006, RELIS Vest. (www.relis.no)