Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Ryggsmerter som symptom på allergi ved cytostatikakur



Fråga: Kva er det som gjer at pasientar kan oppleve ryggsmerter som symptom på allergisk reaksjon ved enkelte cytostatikakurar, som til dømes paklitaksel (Taxol)? Spørsmål frå sjukehustilsett.

Svar: Ein kan ikkje alltid stadfeste nøyaktig årsak til ryggsmerter ved bruk av cytostatika som paklitaksel. Paklitaksel kan gje ryggsmerter i form av nervesmerter, leddsmerter og muskelsmerter som følgje av at det har nevrotoksiske eigenskapar. Desse biverknadane er doseavhengige og oppstår som regel få dagar etter behandlinga er gitt, for så å forsvinne att. Biverknader i form av leddsmerter og muskelsmerter forsvinn vanlegvis i løpet av nokre dagar, medan nervesmerter kan vedvare i 3-6 månader etter behandlinga er avslutta (1-2).

Cytostatikakurar som paklitaksel kan òg utløyse infusjonsreaksjonar, som gjerne definerast som uventa reaksjonar som ikkje kan forklarast av toksisiteten til legemidlet. Infusjonsreaksjonar er også ein form for biverknad og delast inn i anafylaktiske reaksjonar og anafylaktoide reaksjonar. Anafylaktiske reaksjonar er ein straksallergisk reaksjon (type I allergisk reaksjon), som skuldast frigjering av antistoff (immunglobulin E) frå mastceller og basofile. Anafylaktoide reaksjonar eller standard infusjonsreaksjonar (SIR) er ikkje-allergene, som blant anna skuldast utløysing av signalstoff som cytokin frå ulike immunceller. Symptoma på anafylaktiske og anafylaktoide reaksjonar kan overlappe, men generalisert kløe og utslett, pustevanskar, hoste og blodtrykksfall er oftare involvert i førstnemnte, medan feber og smerter tilskrivast sistnemnte (3).

Cytokin verkar direkte inn på signala som sendast mellom ulike celler. Det finst cytokin som medfører auka smertekjensle eller utløyser smerte (pro-inflammatoriske cytokin), men det finst òg cytokin som bidrar til smertelindring (anti-inflammatoriske cytokin). Pro-inflammatoriske cytokin kan utløysast frå nerveendar som følgje av skade, infeksjon eller injeksjonar. Når pro-inflammatoriske cytokin utløysast frå nerveendar kan dei setje i gong ulike signalprosessar som til slutt vil leie til ein form for smerterespons (4, 5).

KONKLUSJON
Ved infusjon av cytostatika kan ein utløyse ein immunrespons som blant anna kan leie til ulike former for smerte. Denne immunresponsen kan triggast av av dei toksiske eigenskapane til legemidlet, eller som følgje av andre eigenskapar ved legemidlet eller måten det administrerast på (standard infusjonsreaksjon). Det er ikkje muleg å føreseie kva pasientar som vil oppleve slike symptom eller kva som er årsaka til symptoma i kvart enkelt tilfelle.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Paclitaxel Accord. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 21. desember 2015).
  2. Clinical Pharmacology 2017 database. Paclitaxel. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 20. desember 2011).
  3. Castells MC, Matulonis UA et al. Infusion reactions to systemic chemotherapy. Version 45.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 6. januar 2017).
  4. de Oliveira CM, Sakata RK et al. Cytokines and pain. Rev Bras Anestesiol 2011; 61(2): 255-9, 260-5, 137-42.
  5. Zhang JM, An J. Cytokines, inflammation and pain. Int Anesthesiol Clin 2007; 45(2): 27–37.