Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Dienogest og behov for prevensjon



Fråga: Ei kvinne med endometriose bruker dienogest (Visanne 2 mg). Ho ønskjer ikkje bli gravid. Fungerer dienogest også som prevensjon eller må barrieremetode brukast i tillegg? Spørsmål frå farmasøyt.

Svar: KONKLUSJON
Dienogest er ikkje godkjent som prevensjonsmiddel, verken for kvinner med eller utan endometriose. Dersom pasienten har behov for prevensjon, skal barrieremetode nyttast i tillegg.

BAKGRUNN
Dienogest nyttast som progesteron-komponent i somme prevensjonsspreparat, då i kombinasjon med ein østrogenkomponent (1a). Dienogest aleine er derimot ikkje godkjent som prevensjonsmiddel (2).

I følgje preparatomtalen til dienogest viser tilgjengelege data at ovulasjonen hemmast hos dei fleste pasientane under behandling (1b). Studiene som har undersøkt anovulasjon ved bruk av dienogest, har vist anovulasjon hos kvinnene som har brukt ≥2 mg dienogest. Desse studiene har likevel hatt eit lågt antal deltakarar og har berre inkludert friske kvinner (altså ingen med endometriose), og det er vanskeleg å generalisere resultata til å gjelde alle pasientar (3, 4). Preparatomtalen er svært tydeleg på at dienogest ikkje reknast som eit prevensjonsmiddel til kvinner med endometriose og dersom prevensjon er naudsynt skal barrieremetode brukast i tillegg (1b).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Qlaira (Sist oppdatert: 17. desember 2015), b) Visanne (Sist oppdatert: 25. september 2015). http://www.legemiddelsok.no/
  2. Lexicomp in UpToDate. Dienogest: Drug information. http://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 31. august 2017).
  3. Moore C, Carol W et al. Influence of dienogest on ovulation in young fertile women. Clin Drug Investig 1999, 18(4): 271-8.
  4. Klipping C, Duijkers I et al. Ovulation-inhibiting effects of dienogest in a randomized, dose-controlled pharmacodynamic trial of healthy women. J Clin Pharmacol 2012; 52(11): 1704-13.