

Biverknader og dosering av oksybutynin mot sveitting
Fråga: Allmennlege har ein pasient som ynskjer å forsøka oksybutynin (Dridase) for sveitting. Pasienten lurer på kva biverknader dette legemidlet har? Legen spør også kva dosering som er riktig å forsøka mot sveitte og kva dosering som vert brukt ved andre indikasjonar?
Svar: Oksybutynin har antikolinerg (antimuskarinerg), antispasmodisk, lokalanestetisk og antihistaminerg verknad. Medikamentet er indisert til bruk mot overaktiv blære/urge inkontinens. Redusert sveitting er ein kjend verknad/biverknad og skuldast suppresjon av aktiviteten i sveittekjertlane, men hyperhidrose er foreløpig ikkje ein godkjent indikasjon for bruk av oksybutynin (1).
Ved hyperhidrose har vanlegvis oksybutynin vore brukt i dosar på 5-10 mg daglig (2). Dette er tilsvarande dei dosar som blir brukt ved godkjende indikasjonar. Maksimalt anbefalte døgndose av oksybutynin ligg rundt 20 mg dagleg, dette er også forsøkt i enkelte tilfelle ved hyperhidrose (1-2).
Effekten av oksybutynin ved hyperhidrose er testa i enkelte studiar. I ein placebokontrollert studie med totalt 50 pasientar med enten palmar eller aksillær hyperhidrose, opplevde 48 % god betring og 26 % moderat betring etter bruk av oksybutynin i 6 veker. Tilsvarande tal i placebogruppa var 0 % og 27 % (3). Det tek vanlegvis ei veke før ein ser effekt av systemiske antikolinergika og det kan vere individuelle behov for dosejustering for å oppnå ønskt effekt. Samla sett er det behov for fleire studiar for å kunne stadfeste effekten og for å kunne seie noko om sikkerheit og effekt ved langtidsbruk av antikolinergika mot hyperhidrose (2).
UpToDate skriv at biverknader av antikolinergika som oksybutynin vanlegvis er tolerable. Blant vanlege biverknader finn ein mellom anna tørr munn, uklårt syn, hovudverk og urinretensjon (2). I Sverige er det godkjent oksybutynin 5 mg tablettar (Ditropan) mot overaktiv blære (4). Spørsmålsstillar fekk tilsendt lenke til preparatomtale og pakningsvedlegg for Ditropan for ein oversikt over biverknader i dei doser som er aktuelle å forsøke ved hyperhidrose.
Føreskrving utanom godkjend indikasjon kan opne for nye behandlingsmoglegheiter for mange pasientar. Slik bruk av legemiddel kan likevel medføre ein risiko for pasienten, noko som gjer at føreskrivar må gjere ei grundig vurdering av om føreskrivinga er forsvarleg (5).
KONKLUSJON
Oksybutynin brukast mot hyperhidrose utanfor godkjend indikasjon i dosar som vanlegvis ligg rundt 5-10 mg dagleg. Antikolinerge effektar som tørr munn, uklårt syn, hovudverk og urinretensjon er blant kjende biverknader.
- Clinical Pharmacology 2017 database. Oxybutynine. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (25. september 2017).
- Smith CC, Pariser D. Primary focal hyperhidrosis. Version 19.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 30. desember 2015).
- Wolosker N, de Campos JR et al. A randomized placebo-controlled trial of oxybutynin for the initial treatment of palmar and axillary hyperhidrosis. J Vasc Surg 2012; 55(6): 1696-700.
- Fass. Ditropan - Bipacksedel og produktresumé. http:///www.fass.se (25. september 2017)
- Raknes, G. Gamle legemidler, nye muligheter. Tidsskr Nor Legeforen nr.1, 2008; 128:62–5.
