Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Gabapentin og potensering av alkoholeffekt



Fråga: Pasient som nyleg har starta opp med gabapentin (Neurontin) for smerter, har opplevd auka trøyttleik som biverknad. Denne biverknaden forsterka seg ein kveld pasienten hadde inntatt tre alkoholeiningar før kveldsdosen gabapentin. Pasienten skildra det som auka etanol-effekt, og kjende seg svært susen og meir trøytt etter inntak av gabapentin den kvelden. Er det kjend at gabapentin kan potensere effekten av etanol? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Trøyttleik og svimmelheit er svært vanlege biverknader etter oppstart med gabapentin. Hos somme pasientar er desse biverknadane rapportert å gje seg etter 4-5 veker, medan hos andre kan dei vedvare (1, 2).

I følgje ein internasjonal monografi og fleire interaksjonsdatabasar, er det velkjend at samtidig inntak av etanol kan forsterke dei CNS-medierte biverknadane av gabapentin. Etanol er ikkje funne å påverke farmakokinetikken til gabapentin eller omvendt, men ein kan oppleve ein additiv effekt av biverknadane til dei to midla ved samtidig inntak. I kor stor grad ein blir påverka av desse effektane er individuelt, men generelt sett er ein meir ømfintleg for slike effektar i ein oppstartsfase med gabapentin, eller ved endring av dose. Somme vil kunne tole sporadisk inntak av moderate mengder alkohol ved samtidig gabapentin-bruk, men pasienten må sjølv vurdere om og eventuelt kva mengde alkoholinntak som vil vere foreinleg med eigen medisinbruk (2-4).

KONKLUSJON
Trøyttleik og svimmelheit er vanlege biverknader av både gabapentin og etanol, og desse effektane kan verke additivt ved samtidig inntak. Pasienten kan vere ekstra ømfintleg for slike effektar i ein oppstartsfase eller ved dosejustering av gapapentin.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Neurontin. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 13. desember 2016).
  2. Clinical Pharmacology 2017 database. Gabapentin. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 24. august 2017).
  3. Statens legemiddelverk. Interaksjonssøk. http://www.legemiddelsok.no/sider/Interaksjoner.aspx (Søk: 26. september 2017).
  4. Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). http://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 26. september 2017).