Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Kosttilskot med kollagen til gravid kvinne



Fråga: Ei kvinne gravid i 2. trimester med akneproblem har byrja på ein hudpleieserie kor ho blant anna skal ta eit kosttilskot innehaldande hydrolysert kollagen (såkalla collagen complex). Kosttilskotet inneheld òg vitamin C, biotin, ekstrakt av kveite, og konsentrat av melon. Kan ho bruke dette under graviditeten? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Kollagen er eit proteinmateriale som utvinnast frå dyrevev, anten animalt eller marint. At det er hydrolysert tyder berre at det er fragmentert (kollagen-peptid). Det finst mange ulike kollagen-typar; kollagen type I er ein hovudbestanddel i hud, bein og brusk, og det er gjerne denne som nyttast i slike kosttilskot. Det er òg vanleg at slikt kollagen kombinerast med vitamin og andre ingrediensar som er tenkt å bidra til den ønskja effekten av kollagen. Kollagen-peptid absorberast frå gastrointestinaltrakta etter oralt inntak, og kan dermed potensielt utøve fysiologiske effektar. Peroral bruk av kollagen er mest undersøkt i høve til bruk ved ledd- og beinlidingar, medan forskinga i høve til hudeffektar foreløpig er sparsam (1-4).

Kollagen er altså eit naturprodukt, og det finst ikkje éi standarisert form som nyttast til denne type kosttilskot. Naturmiddel, kosttilskot og liknande produkt er heller ikkje underlagt dei same strenge krava til dokumentasjon av effekt, tryggleik, kvalitet og innhald som gjeld for legemiddel. Feil eller manglar når det gjeld innhaldsdeklarasjon og faktisk innhald avdekkast stadig, blant anna enkelte tilfelle kor legemiddel er tilsett utan at dette er deklarert (5-7).

Av dette følgjer at slike produkt ofte er mangelfullt undersøkt også når det gjeld brukt hos gravide og ammande. I følgje ein anerkjend database for naturmiddel, finst det ikkje informasjon om kollagen til oralt bruk ved graviditet og amming. Vi kan heller ikkje finne informasjon om tryggleiken av ingrediensane kveiteekstrakt og melonkonsentrat, verken i høve til bruk generelt, eller i graviditet spesielt (1). Ekstrakt eller oppkonsentrerte produkt kan ha større biverknadspotensial enn fortynna produkt. Ei droge som reknast som trygg i dei mengdene som inngår i eit normalt kosthald, er ikkje nødvendigvis like trygg når den inngår i eit kosttilskot (5-7). Tilskot av biotin (vitamin B7/8) og vitamin C reknast for øvrig som trygt så lenge ein følgjer retningslinjene for tilrådd inntak til gravide.

Basert på det ovannemnde kan vi derfor ikkje gå god for at bruk av eit slikt kosttilskot under graviditet er utan risiko. Utan ein godt dokumentert nytteverdi meiner vi at éin bør ha høg terskel for å sei ja til bruk av produkt med uavklart risiko hos gravide og ammande.

KONKLUSJON
Kollagen er eit naturprodukt, som ikkje har same krav til dokumentasjon av effekt, tryggleik, kvalitet og innhald som legemiddel. Foreløpig er effekt og eventuelle biverknader ved bruk av kollagen mot hudlidingar sparsamt dokumentert. Vi kan heller ikkje finne dokumentasjon på tryggleiken ved bruk av kollagen eller dei andre plantebaserte ingrediensane i produktet under graviditet eller amming.

Då kollagen er utan ein godt dokumentert nytteverdi og med uavklart risiko hos gravide og ammande, tilrår vi at kvinna unngår bruk av dette under graviditeten, og seinare i ammeperioden.

Referenser:
  1. Natural Medicines. Gelatin. http://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 14. februar 2015).
  2. Inoue N, Sugihara F et al. Ingestion of bioactive collagen hydrolysates enhance facial skin moisture and elasticity and reduce facial ageing signs in a randomised double-blind placebo-controlled clinical study. J Sci Food Agric 2016; 96(12): 4077-81.
  3. Proksch E, Schunck M et al. Oral intake of specific bioactive collagen peptides reduces skin wrinkles and increases dermal matrix synthesis. Skin Pharmacol Physiol 2014; 27(3): 113-9.
  4. De Luca C, Mikhal'chik EV et al. Skin antiageing and systemic redox effects of supplementation with marine collagen peptides and plant-derived antioxidants: A single-blind case-control clinical study. Oxid Med Cell Longev 2016; 2016: 4389410.
  5. Giverhaug T. Kosttilskudd, naturmidler og lignende: dokumentert og dokumentert, fru Blom… http://www.relis.no/ (publisert: 16. februar 2016).
  6. Giverhaug T. Naturmidler – bivirkningsfrie vidunderkurer? http://www.relis.no/ (Publisert: 29. januar 2015).
  7. Schjøtt J, Erdal H. Er RELIS motstander av kosttilskudd? http://www.relis.no/ (Publisert: 28. november 2014).