Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Byte mellom Orfiril-preparat



Fråga: Allmennlege har pasient med epilepsi som brukar valproinsyre depotkapslar (Orfiril long) 300 mg, 2 kapslar morgon og 2 kapslar kveld. Medisinen har til no blitt lagt i multidose, men legen har fått beskjed frå apoteket at dei ikkje vil pakke denne i multidose frå 1. november, med grunngjevinga at dette kan endre frisettingsprofilen til legemidlet. Det er aktuelt å byte til Orfiril Retard eller Orfiril enterotablettar, som begge kan leggast i multidose. Kva av desse medikamenta er det best å byte til og vil eit slikt byte påverke doseringa av legemidlet?

Svar: Det kan bytast mellom Orfiril long, Orfiril retard og Orfiril enterotablettar og det er ikkje nødvendig å endre døgndose ved byte (1).

I følgje produsenten gir enterotablettane større svingingar i serumkonsentrasjon og dermed auka risiko for biverknader (høg toppkonsentrasjon) og dårlegare effekt (låg botnkonsentrasjon). Depottablettane (retard) har som depotkapslane (long) ei meir langsam frisetjing og gir dermed jamnare serumkonsentrasjon (2). Biotilgjengelegheita er ca. 90 % for enterotablettane og ca. 80 % for depottablettane/kapslane (3). For enterotablettane er Cmax etter 3 timar, mens depottablettane og –kapslane når Cmax etter 7-8 timar (2). Depottablettane er p.t. om lag 3 gonger dyrare enn depotkapslane og enterotablettane (4).

Både entero- og depottablettane må svelgjast heile, men for depottablettane er det angitt at dei kan takast med eller utan mat. For enterotablettane er det spesifikt oppgitt at dei må takast 1 time før måltid. Både entero- og depottablettane kan doserast to gonger dagleg (1).

RELIS har tidlegare skrive at serumkonsentrasjonsmålingar bør vurderast ved byte mellom ulike formuleringar av valproinsyre (5).

KONKLUSJON
Det kan bytast frå Orfiril depotkapslar til både depottablettar eller enterotablettar, alt etter kva som føretrekkast. Det er ikkje nødvendig å endre døgndosen ved eit slikt byte.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a: Orfiril long, b: Orfiril Retard, c: Orfiril. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 7. juni 2017).
  2. Desitin Pharma AS. Hva er forskjellen mellom Orfiril Entro, Orfiril Retard og Orfiril Long. http://www.desitin.no/ (9. oktober 2017).
  3. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Valproat. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 28. september 2017).
  4. Felleskatalogen. FK-tekst Orfiril, Orfiril long, Orfiril Retard. https://www.felleskatalogen.no/ (9. oktober 2017).
  5. RELIS database 2010; spm.nr. 3601, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)