

Kontraindikasjonar og bilkøyring etter injeksjon av butylskopolamin
Fråga: I ein sjukehusregion er det ved ulike avdelingar oppgjeve ulike kontraindikasjonar og tilrådingar for når ein kan køyre bil etter diagnostisk injeksjon med butylskopolamin (Buscopan). Dei ønskjer å utvikle felles regionale råd for dette - kva er RELIS sine tilrådingar for desse to punkta? Spørsmål frå sjukehusfarmasøyt.
Svar: RELIS kan ikkje ta stilling til kva som bør inngå i felles retningslinjer for helseregionen i høve til diagnostisk injeksjon med butylskopolamin. Kva kjelder som ligg til grunn for dagens ulike tilrådingar, og kva kjelder som skal ligge til grunn for dei framtidige felles tilrådingane bør drøftast med medisinske spesialistar på dei ulike avdelingane, som har klinisk erfaring med bruk av butylskopolamin.
Generelt når det gjeld kontraindikasjonar og forsiktigheitsreglar tilråder RELIS å følgje informasjonen som er oppgjeve i den norske preparatomtalen (SPC). Her omtalast både kontraindikasjonar og påverknad av evna til å køyre bil og bruke maskinar (1). RELIS har for øvrig tidlegare omtala butylskopolamin og bilkøyring (2). Momenta som drøftast i denne utgreiinga er fortsatt gjeldande, sjølv om førarkortforskrifta i høve til bilkøyring og legemiddel er endra. Butylskopolamin er framleis ikkje spesifikt omtala i rettleiaren frå Helsedirektoratet (3).
Andre kjelder som kan vere aktuelle som bakgrunnsinformasjon er vedlagt (4-6).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Buscopan. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 28. august 2017).
- RELIS database 2014; spm.nr. 5161, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no).
- Førerkort - veileder til helsekrav (gjeldende fra 1. oktober 2016). IS-2541. Helsedirektoratet 2016. www.helsedirektoratet.no/ (Sist oppdatert: 3. november 2017).
- Sanagapalli S, Agnihotri et al. Antispasmodic drugs in colonoscopy: a review of their pharmacology, safety and efficacy in improving polyp detection and related outcomes. Therap Adv Gastroenterol 2017; 10(1): 101-13.
- Dyde R, Chapman AH et al. Precautions to be taken by radiologists and radiographers when prescribing hyoscine-N-butylbromide. Clin Radiol 2008; 63(7): 739-43.
- Tytgat GN. Hyoscine butylbromide - a review on its parenteral use in acute abdominal spasm and as an aid in abdominal diagnostic and therapeutic procedures. Curr Med Res Opin 2008; 24(11): 3159-73.
