

Prazosin ved post-traumatisk stress-liding (PTSD)
Fråga: Lege ved sykehus etterspør rettleiing i høve til bruk av prazosin ved post-traumatisk stress-liding (PTSD). Meir spesifikt ønskjer legen dokumentasjon for bruk ved PTSD (særskilt med tanke på nattlege mareritt), praktisk bruk (oppstart, doseauke, tid til forventa effekt), biverknader og eventuelle interaksjonar med pasientens øvrige legemiddel. Pasienten bruker frå før av venlafaxin (Efexor), kvetiapin (Seroquel Depot) og zopiklon (Imovane).
Svar: Prazosin er det best studerte legemidlet i høve til nattlege mareritt assosiert med PTSD. Både meta-analysar og randomiserte kliniske studier har vist at prazosin gav større betring for pasientane, både når det gjaldt mareritt, søvnkvalitet og symptom på PTSD, samanlikna med placebo (1, 2).
Vanleg oppstartsdose med prasozin er 1 mg ved leggetid, med gradvis opptrapping til effektiv dose over dagar til veker, basert på respons og toleranse hos den enkelte pasient. Eit forslag til opptrappingsregime er auke til 2 mg 2-3 dagar etter oppstart, og vidare opptrapping med 1-2 mg kvar sjuande dag til maksimalt 15 mg dagleg. Kva dose som gjev tilstrekkeleg effekt er svært individuelt, men vil vanlegvis ligge mellom 3-15 mg. Pasientar utan militær bakgrunn, pasientar med låg kroppsvekt, eldre pasientar eller kvinner, kan få effekt ved lågare dosar (1-4).
Effekt av behandlinga sjåast først etter fleire veker, dei fleste studier har vist effekt etter 8 veker. Betring av symptomar kan likevel skje før dette. Varigheit av behandlinga bør styrast basert på respons og eventuelle biverknader. Legemidlet bør ikkje bråseponerast grunna risiko for rebound hypertensjon. Gradvis nedtrapping av legemidlet med tett klinisk oppfølging kan gjerast ved manglande effekt, eller dersom pasienten har hatt stabil symptomlindring ei tid (1, 2). For ytterlegare informasjon om nedtrapping av prazosin, viser vi til ei tidlegare RELIS-utgreiing (5)
Vanlege biverknader av prazosin er svimmelheit, hovudpine, kvalme, hjartebank, trøyttleik og slappheit. Utslett, hyppig vannlating, hypotensjon, ødem, dyspné og synkope er òg rapportert. Oppstart med låg dose og gradvis opptrapping minimerer risikoen for hypotensjon og synkopé (1, 3, 4, 6).
Éin av interaksjonsdatabasane nemner ein mogleg auka risiko for hypotensjon ved samtidig bruk av kvetiapin og prasozin. Bakgrunnen for åtvaringa er tufta på generell kunnskap om at hypotensjon er ein mogleg biverknad av atypiske antipsykotika, og samtidig bruk av blodtrykkssenkande legemiddel kan dermed auke risikoen for at biverknaden blir klinisk signifikant (7). Ingen av dei andre interaksjonsdatabasane vi har sjekka nemner ein slik interaksjon (8, 9).
RELIS har også tidlegare utgreia spørsmål om bruk av prazosin til behandling av PTSD, kor blant anna litteraturen bak tilrådingane utdjupast meir i detalj (10-12).
Referenser:- Zak R, Karippot A. Nightmares and nightmare disorder in adults. Version 1.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 23. oktober 2017).
- Stein MB. Pharmacotherapy for posttraumatic stress disorder in adults. Version 27.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 3. februar 2017).
- Lexicomp in UpToDate. Prazosin: Drug information. http://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 19. desember 2017).
- Micromedex® 2.0 (online). Prazosin (Drugdex System). http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 17. november 2017).
- RELIS database 2017; spm.nr. 8577, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Clinical Pharmacology 2017 database. Prazosin. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Lest: 21. desember 2017).
- Lexi-Interact in Lexicomp in UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 21. desember 2017).
- Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). http://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 21. desember 2017).
- Statens legemiddelverk. Interaksjonssøk. http://www.legemiddelsok.no/sider/Interaksjoner.aspx (Søk: 21. desember 2017).
- RELIS database 2016; spm.nr. 7586, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- RELIS database 2015; spm.nr. 6032, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- RELIS database 2017; spm.nr. 11571, RELIS Vest. (www.relis.no)
