

Tilgjengelegheit av tetrahydrofolat
Fråga: Ein kunde har spurt apoteket om den reduserte forma av folsyre, tetrahydrofolat, finst tilgjengeleg som tablettar eller mikstur. Spørsmål frå sjukehusfarmasøyt.
Svar: Tetrahydrofolat, eller 5,6,7,8-tetrahydrofolat, finst ikkje tilgjengeleg som legemiddelform eller kosttilskot (1).
Tetrahydrofolat omdannast vidare til metylfolat, også referert til som 5-metyltetrahydrofolat (5-MTHF). Metylfolat marknadsførast av fleire utanlandske kosttilskotprodusentar som "den biologisk aktive forma" av folat. Dei hevdar gjerne at denne forma er eit betre alternativ enn kosttilskot med folsyre, då nokre menneske har mutasjonar som hemmar enzymet som omdannar tetrahydrofolat til metylfolat; 5,10-metylen-tetrahydrofolat-reduktase (MTHFR) (2).
Det er identifisert fleire polymorfismar av MTHFR-enzymet, men det er likevel sjeldan desse gjer seg utslag i alvorleg sjukdom, eller krevjer at pasienten må ha tilskot av spesifikke folatformer (3). Det finst noko data på at metylfolat har litt betre biotilgjengelegheit samanlikna med folsyre-tilskot, men så langt finst det ikkje evidens for at dette utgjer ein klinisk relevant forskjell (2).
RELIS har tidlegare svara på spørsmål som omhandlar tilgjengelegheit av andre folatformer enn folsyre, og oppga då at det ikkje såg ut til å vere enkelt å skaffe eigna formuleringar av metylfolat, og at andre folatformer som per no er tilgjengelege i Noreg har andre bruksområde enn som kosttilskot (4). Vi kjenner ikkje til bakgrunnen for kvifor kunden ønskjer ei anna folatform enn folsyre, men om denne er medisinsk grunngjeve, skal slik behandling rekvirerast av lege.
Metylfolat marknadsførast som kosttilskot av fleire utanlandske produsentar, men det kan medføre risiko å bestille slike produkt på internett. Det er ikkje same krav til dokumentasjon og godkjenningsordningar for kosttilskot som det er med legemiddel, og Mattilsynet kan heller ikkje kontrollere produkt kjøpt frå utanlandske nettstader. I verste fall kan produktet vise seg å mangle virkestoff, innehalde høgare dosar eller andre stoff enn deklarasjonen viser (5, 6).
KONKLUSJON
Tetrahydrofolat finst ikkje tilgjengeleg som legemiddel eller kosttilskot. Det er mogleg kunden har tenkt på metylfolat, også referert til som 5-metyltetrahydrofolat. Metylfolat marknadsførast av fleire utanlandske kosttilskotprodusentar som eit betre alternativ til folsyre, men dette er ikkje vist klinisk.
Det finst ikkje godkjente produkt med metylfolat på marknaden i Noreg, og vi frårådar å bestille slike produkt via internett. Dersom behovet for andre folatformer er medisinsk grunngjeve, bør vedkommande ta dette opp med behandlande lege.
- Drugbank. Tetrahydrofolic acid, ID: DB00116. https://www.drugbank.ca/drugs/ (Sist oppdatert: 2. mars 2018).
- Natural Medicines. Folic acid. http://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 2. november 2017).
- Genetic and Rare Diseases Information Center (GARD). Homocystinuria due to MTHFR deficiency. https://rarediseases.info.nih.gov/ (Lest: 14. mars 2018).
- RELIS database 2016; spm.nr. 11251, RELIS Vest. (www.relis.no)
- Mattilsynet. Kosttilskudd og helsekost kjøpt via Internett. http://www.matportalen.no/ (Sist endret: 24. januar 2018).
- Statens legemiddelverk. Kjøp av medisiner og kosttilskudd på internett. https://helsenorge.no/ (Sist oppdatert: 29. november 2017).