Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Paracetamol, ibuprofen og hypotermi



Fråga: Tannlege spør om paracetamol eller ibuprofen kan gi hypotermi.

Svar: Hypotermi (kroppstemperatur under 35 grader Celsius) er ikkje omtala som ein biverknad av verken paracetamol eller ibuprofen i standard produktomtalar. Ved søk i litteraturdatabasar finn vi noko informasjon om hypotermi ved bruk av desse legemidla.

Ein artikkel, der vi berre har tilgang til abstract, omtalar 4 tilfelle av hypotermi hos barn etter bruk av terapeutiske dosar paracetamol (1). Paracetamol er også forsøkt brukt for å senke kroppstemperatur hos afebrile pasientar med slag. Paracetamol gav ein liten reduksjon i kroppstemperatur, utan at dette vurderast å ha særleg klinisk relevans for den aktuelle pasientgruppa (2).

For ibuprofen finst det ein italiensk bivirkningsregisterstudie som har sett på hypotermi hos barn mistenkt utløyst av ibuprofen (3). Denne studien er også omtala av Norsk kompetansenettverk for legemiddel til barn. Kort oppsummert fann ein i denne studien av 19 biverknadsmeldingar, ein mulig samanheng mellom bruk av ibuprofen hos barn og utvikling av hypotermi. Mistanken støttast også av meldingar på ibuprofen i Noreg og på verdsbasis (4).

KONKLUSJON
Paracetamol og ibuprofen er hos barn i enkelte (sjeldne) tilfelle mistenkt å ha utløyst hypotermi.

Referenser:
  1. Van Tittelboom T, Govaerts-Lepicard M. Hypothermia: an unusual side effect of paracetamol. Vet Hum Toxicol 1989; 31(1): 57-9
  2. Kasner SE, Wein T et al. Acetaminophen for altering body temperature in acute stroke: a randomized clinical trial. Stroke 2002; 33(1): 130-4.
  3. Donati M, Monaco L et al. Ibuprofen-associated hypothermia in children: analysis of the Italian spontaneous reporting database. Eur J Clin Pharmacol 2016; 72(10): 1239-43.
  4. Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn. Kan ibuprofen gi hypotermi hos små barn? https://www.legemidlertilbarn.no/nyheter/Sider/2016/Kan-ibuprofen-gi-hypertermi-hos-små-barn.aspx (Publisert: 30. september 2016).