Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Alteplase ved aortadisseksjon



Fråga: Kva veit ein om å gje alteplase (Actilyse) ved samtidig aortadisseksjon? Spørsmål frå spesialsjukepleiar.

Svar: Akutt aortadisseksjon er ein svært sjeldan, men livstrugande tilstand som resulterer i død i 25-30 % av tilfella. Aortadisseksjon kan delast inn i to typar, A-disseksjon og B-disseksjon. A-disseksjon oppstår oftare enn B-disseksjon og er ein medisinsk akutt-tilstand, der det er høg risiko for aortaruptur og fatal utgong. A-disseksjon er meir kompleks og omfattande enn B-disseksjon; for førstnemnte er standardbehandlinga operasjon så raskt som mogleg, medan sistnemnte ofte kan behandlast medikamentelt. A-disseksjon kan i sjeldne tilfelle presenterast med symptom som liknar hjerneslag (1-3).

Akutt hjerneslag er ein mykje hyppigare tilstand, der standardbehandlinga er å gje rask trombolyse med alteplase, etter at det ved CT-undersøking er utelukka hjerneblødning som årsak. Det inngår ikkje i rutinetilrådingane å undersøke pasientar med tanke på aortadisseksjon, før ein gjev alteplase (4).

Det er ikkje tilrådd å gje alteplase ved kjent eller mistenkt aortadisseksjon, då det potensielt kan bidra til at denne blir meir alvorleg. Tilrådingane knytta til dette har likevel låg grad av evidens, då det er sparsamt med litteratur på bruk av alteplase ved aortadisseksjon (3, 5, 6). Det finst eit fåtal kasusrapportar kor diagnose og behandling av aortadisseksjon har vorte forseinka, som følgje av at pasienten ikkje har hatt karakteristiske symptom på aortadisseksjon, men har presentert symptom på hjerneslag og fått trombolytisk behandling. I somme av tilfella resulterte dette i at pasienten døydde, medan det òg finst tilfelle der pasienten overlevd (5-7).

KONKLUSJON
Akutt aortadisseksjon er ein tilstand som i mange tilfelle har dødeleg utfall. I enkelte tilfelle kan symptom på aortadisseksjon opptre som symptom på hjerneslag, noko som kompliserer diagnostikken. Alteplase er ikkje tilrådd ved aortadisseksjon grunna blødningsrisiko, men det finst lite data på bruk og tryggleik av alteplase ved akutt aortadisseksjon. Mortaliteten ved aortadisseksjon er høg i seg sjølv, og det er derfor vanskeleg å fastslå kva tyding eventuell bruk av alteplase vil ha i forløpet av ein aortadisseksjon.

Referenser:
  1. Black JH, Manning WJ. Clinical features and diagnosis of acute aortic dissection. Version 28.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 16. februar 2018).
  2. Bjørnerheim R. Aortadisseksjon. Metodebok for indremedisinere, Oslo universitetssykehus, 2012. http://www.helsebiblioteket.no/
  3. Norsk elektronisk legehåndbok. Aortadisseksjon. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 4. april 2018).
  4. Nasjonal faglig retningslinje for behandling og rehabilitering ved hjerneslag. Helsedirektoratet. http://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/hjerneslag (Sist oppdatert: 21. desember 2017).
  5. Demaerschalk BM, Kleindorfer DO et al. Scientific rationale for the inclusion and exclusion criteria for intravenous alteplase in acute ischemic stroke. A statement for healthcare professionals from the American Heart Association/American Stroke Association. Stroke 2016; 47(2): 581-641.
  6. Tsivgoulis G, Safouris A et al. Safety of intravenous thrombolysis for acute ischemic stroke in specific conditions. Expert Opin Drug Saf 2015; 14(6): 845-64.
  7. Choi N, Yoon JE et al. Delayed surgery for aortic dissection after intravenous thrombolysis in acute ischemic stroke. Korean J Thorac Cardiovasc Surg 2016; 49(5): 392-6.