Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Hurtigskjema for hepatitt A/B-vaksine til barn



Fråga: Barn under 6 år treng vaksine mot hepatitt A og B, då dei skal reise til endemisk område om ca. 5 veker. Lege lurer på om det er mogleg å bruke eit hurtigskjema der 2. dose og 3 . dose gjevast høvesvis 7 og 21 dagar etter 1. dose, og ein 4. dose 12 månader etter 1. dose? Første dose er allereie administrert. Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Hurtigskjemaet legen refererer til er oppgjeve som eit alternativ ved tidsnød i preparatomtalen for hepatitt A/B-vaksine til vaksne, men ikkje til barn (1). I følgje vaksineavdelinga ved Folkehelseinstituttet skal minimumsintervalla med vaksinasjon ved 0, 1 og 6 månader følgjast ved vaksinering av barn, og det er ikkje høve til å gje hurtigskjema (2).

Då første dose allereie er gjeve, vil ein rekke å setje 2. dose før avreise. Då vil ein ha oppnådd fullgodt skydd mot hepatitt A, men eit noko lågare skydd mot hepatitt B . Hepatitt A smittar hovudsakleg via kontaminerte matvarer eller kontaminert vatn, medan hepatitt B smittar ved blodoverføring og ved seksuell kontakt. Smitterisikoen for hepatitt B vil såleis vere lågare enn smitterisikoen for hepatitt A. Det vurderast som tilstrekkeleg at barna rekk å få to dosar før avreise, og kan setje tredje dose som tilrådd, 6 månader etter første dose (1-4).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Twinrix Adult (Sist oppdatert: 5. februar 2018), b) Twinrix Paediatric (Sist oppdatert: 28. november 2017). http://www.legemiddelsok.no/
  2. Rådgjevar. Vaksinerådgjevingstelefonen for helsepersonell, Folkehelseinstituttet, pers.medd. 22. mai 2018.
  3. Folkehelseinstituttet. Hepatitt A - veileder for helsepersonell. Smittevernveilederen. http://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 22. mars 2018).
  4. Folkehelseinstituttet. Hepatitt B-vaksine og hepatitt B-immunglobulin - veileder for helsepersonell. Vaksinasjonsveilederen for helsepersonell. http://www.fhi.no/ (Sist oppdatert: 24. januar 2017).