

Oppbevaring av lidokain med adrenalin
Fråga: I samband med at Xylocain-Aadrenalin er rest, har ein hudavdeling gått over til å bruke Rapidocain-Epinephrin, eit tysk preparat innhaldande lidokain og adrenalin, ved biopsiar. Preparatet finst berre som 5 ml ampullar, og ved biopsi nyttast 0,5 ml. Det er no etablert praksis at hudavdelingen trekk opp denne mengden i sprøyter tidleg på dagen, som så oppbevarast under eit lystett klede. Sprøytene blir brukt ila. dagen. Hudavdelinga har kontakta sjukehusapoteket for å høyre om dette er ok. Farmasøyt ved sjukehusapoteket spør RELIS om denne praksisen er grei.
Svar: I preparatomtalen er det oppgjeve at legemidlet skal oppbevarast i originalforpakningen, ved romtemperatur (15-25 °C) og skyddast mot lys. Ved anbrot av ampullen, skal gjenverande ubrukt løysing kasserast (1).
Stabiliteten til adrenalin kan endrast ved eksponering for lys, luft, temperatur- og pH-endringar, samt kontakt med ulike oksiderande middel. Det kan likevel vere forskjell i stabiliteten mellom preparat i høve til form av adrenalin, konserveringsmiddel og produksjon. Overføringsverdien frå studiar og preparatomtalar for ulike produkt er derfor sparsam. Litteraturen er tydeleg på viktigheita av å overhalde oppbevaringsvilkåra og å ikkje nytte injeksjonsvæska dersom ein ser utfelling eller fargeendring. Adrenalin får ei synleg fargeendring når ca 10 % er brutt ned (2-4).
Det er altså ei eventuell nedbryting og effekttap av adrenalin som vil utgjere den største risikoen ved å overføre løysinga frå ampullen og over i sprøyter. Vi kan ikkje seie noko om hastigheita av ei eventuell nedbryting av adrenalin ved den aktuelle praksisen. I kva grad inaktivt adrenalin utgjer en risiko vil avhenge av i kva situasjon produktet brukast og kor viktig adrenalin-effekten er der og då (3, 4).
KONKLUSJON
Grunna at stabiliteten til adrenalin kan endrast ved endra oppbevaringsvilkår, er det tilrådd at Rapidocain-Epinephrin oppbevarast i originalpakningen fram til det skal brukast. RELIS kan ikkje seie noko om hastigheita av nedbrytinga av adrenalin ved den aktuelle praksisen eller korleis dette vil innverke på den ønska effekten.
- Fachinformation des Arzneimittel-Kompendium der Schweiz. Rapidocain mit Epinephrin. https://compendium.ch/ (Sist oppdatert: August 2011).
- McEvoy GK, editor. Epinephrine. The AHFS Drug Information (online). http://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 7. august 2017).
- Trissel LA, editor. Handbook on Injectable Drugs (online). http://www.medicinescomplete.com/ (Lest: 1. juni 2018).
- RELIS database 2017; spm.nr. 11704, RELIS Vest. (www.relis.no)
