Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Tilverking og oppbevaring av Brevactid ved fertilitesinduksjon



Fråga: Ein mannleg pasient skal starte opp med koriongonadotropin (Brevactid) for fertilitetsinduksjon (hypofysesvikt). Legen har forstått det slik at desse berre er tilgjengelege som pulver og væske til injeksjonsvæske med styrke 5000E, som må rekonstituerast før bruk. Pasienten skal starte med doser à 1500E tre gonger i veka. Kan ein trekkje opp desse tre dosane à 1500E av injeksjonsvæska når denne er klargjort, dersom den klargjorte løysinga oppbevarast i kjøleskap, eller må pasienten kaste dei resterande 3500E kvar gong? Spørsmål frå sjukehuslege.

Svar: Brevactid produserast i to styrkar, 1500E og 5000E (1, 2). Korvidt begge styrkane kan skaffast, kan undersøkast ved å kontakte næraste apotek. RELIS har berre tilgong til Felleskatalogen si liste over preparat på godkjenningsfritak, som er basert på dei preparat som har varenummer i apoteka sine logistikksystem. Her er berre Brevactid i styrke 5000E oppført (3). Fleire apotek har likevel eigne avdelingar som arbeider med spesialbestilling av legemiddel, og RELIS har ikkje oversikt over kva desse kan skaffe utover det som er oppgjeve i oversikta på Felleskatalogen.

Dersom Brevactid 1500E ikkje kan skaffast, kan ikkje Brevactid 5000E nyttast til å administrere tre dosar à 1500E, slik som det er beskrive at pasienten skal bruke preparatet. Begge styrkane av Brevactid finst berre som pulver og væske til injeksjonsvæske, og må rekonstituerast umiddelbart før bruk, i følgje preparatomtalen. I dette ligg implisitt at ein ikkje har stabilitetsdata for oppbevaring av utblanda injeksjonsoppløysing over tid, og dermed heller ikkje kan tilrå slik bruk. Eventuell ubrukt løysing skal derfor destruerast (2).

KONKLUSJON
Brevactid produserast i to styrkar, både 1500E og 5000E. Vi tilrår å undersøke med næraste apotek om styrken på 1500E kan skaffast, då RELIS ikkje har oversikt over dette. Dersom det berre er mogleg å skaffe 5000E, kan ikkje denne nyttast til å administrere tre dosar à 1500 E, då løysninga skal nyttast umiddelbart etter rekonstituering.

Referenser:
  1. Index Nominum: International Drug Directory (online). Chorionic Gonadotrophin (Rec.INN). In: Micromedex® 2.0. http://www.helsebiblioteket.no/ (Lest: 25. juni 2018).
  2. Gelbe liste, Fachinformation. a) Brevactid 1500 I.E. (Sist oppdatert: Januar 2017), b) Brevactid 5000 I.E. (Sist oppdatert: Januar 2017). http://www.gelbe-liste.de/
  3. Felleskatalogen. Preparater på godkjenningsfritak. http://www.felleskatalogen.no/ (Lest: 25. juni 2018).