

Tid til effekt for oksykodon mikstur og kapsel
Fråga: Lege spør om OxyNorm mikstur har raskare verknad enn OxyNorm kapslar.
Svar: Generelt kan ein seie at i ein mikstur føreligg verkestoffet allereie i løysing, medan ein ved administrasjon av kapsel må påberekne oppløysing av kapselskal og tida det tek å få virkestoffet i løysing. Det er likevel ikkje gitt at dette fører til klinisk relevante skilnader i absorpsjon og tid til effekt.
For både OxyNorm mikstur og OxyNorm kapslar er det oppgitt at maksimal plasmakonsentrasjon (Cmax) vert oppnådd etter cirka ein time (1, 2). På bakgrunn av samanfallande opplysingar om absorpsjon, er det ikkje grunn til å tru at det skulle vere dei store skilnadane i virketid mellom dei to preparata. Generelt vil nok inter- og intraindividuelle skilnader i absorpsjon ha større tyding enn om det er OxyNorm mikstur eller kapslar som brukast.
Produsenten er konktakta for ei avklaring om det føreligg klinisk relevante skilnader i absorpsjon mellom dei to formuleringane, men vi har foreløpig ikkje fått noko tilbakemelding.
KONKLUSJON
I følge produktinformasjonen har ikkje OxyNorm mikstur raskare verknad enn OxyNorm kapslar.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) OxyNorm kapsler. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 7. september 2017).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) OxyNorm mikstur. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 7. september 2017).
