Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Diane og aldersgrense for bruk



Fråga: Allmennlege har ein pasient med akneproblem som tidlegare blei vellukka behandla med cyproteronacetat og etinyløstradiol (Diane) i fleire år. Medikamentet vart seponert grunna barneønske. Kvinna er no 36 år og treng prevensjon. Ho har samtidig fått oppbluss av akne, og legen tenker Diane kan vere aktuelt. Kvinna er slank og røykar ikkje. Korleis er det med risikoen, finst det informasjon vedrørande Diane og alder?

Svar: I 2013 publiserte europeiske legemiddelmyndigheiter nye råd om bruk av Diane (cyproteronacetat og etinyløstradiol). Dette på bakgrunn av ein litteraturgjennomgang der ein fann at risikoen for tromboemboliske hendingar er auka hos brukarar av Diane samanlikna med ikkje-brukarar og brukarar av kombinasjons-p-piller med levonorgestrel og etinyløstradiol (1).

Bruksområdet var innskrenka og godkjend indikasjon for Diane er no ikkje lenger antikonsepsjon, men behandling av androgen-avhengige tilstandar som moderat til alvorlig akne (med eller utan seboré) og/eller hirsutisme hos kvinner i fruktbar alder. Diane skal berre brukast når lokalbehandling eller systemisk antibiotikabehandling av akne ikkje har gitt tilfredsstillande resultat (2, 3).

Risikoen for tromboemboliske hendingar aukar med aukande alder. Kombinasjonen av mykje røyking og aukande alder gjev ei ytterlegare risikoauke, spesielt hos kvinner over 35 år. Det er difor spesifikt oppgitt at Diane ikkje bør brukast til kvinner over 35 år som røykar (2). Vi kan ikkje finne at alder over 35 år i fråvær av andre risikofaktorar for tromboemboliske hendingar, er ein kontraindikasjon mot bruk av Diane.

Andre risikofaktorar for tromboemboliske hendingar er omtala i preparatomtalen (2) og er i tillegg lista opp i sjekklista for føreskrivarar av Diane, tilgjengeleg på Felleskatalogen si nettutgåve (3). Denne sjekklista er utarbeida av produsenten, i samarbeid med Legemiddelverket.

KONKLUSJON
Diane (cyproteronacetat og etinyløstradiol) har etter 2013 berre indikasjon moderat til alvorlig akne og hirsutisme. Diane gjev ein auka risiko for tromboembolsiske hendingar og skal ikkje brukast av pasientar med kjende risikofaktorar for slike hendingar. Vi kan imidlertid ikkje finne at alder over 35 år i fråvær av andre risikofaktorar, er ein kontraindikasjon mot bruk.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Innskrenket bruksområde og skjerpede råd om Diane, Zyrona og Feminil. https://legemiddelverket.no/nyheter/innskrenket-bruksomrade-og-skjerpede-rad-om-diane-zyrona-og-feminil (Publisert: 2. juli 2013).
  2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Diane. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 27. juni 2018).
  3. Sjekkliste for forskrivere – cyproteronacetat/etinyløstradiol (Diane). https://www.felleskatalogen.no/medisin/dokument/diane-sjekkliste-forskriver (Sist oppdatert: 18. april 2017).