

Skorpiongift og interaksjon med kreftbehandling
Fråga: Sjukehuslege spør angåande ein pasient med glioblastom som får behandling med temozolomid (Temodal). Pasienten tek også ein alternativ medisin som heiter Vidatox og inneheld skorpiongift. Kan dette middelet interagere med og påverke efekten av temozolomid?
Svar: Vidatox 30 CH er eit homeopatisk produkt basert på gifta frå ein skorpionart ( Rophalorus junceus). Produktet stammar frå Cuba, og produsenten hevdar at det har effekt hos kreftpasientar («has improved the quality of life» og «slowing of tumor growth»). Det finst imidlertid ingen publiserte kontrollerte kliniske studiar som dokumenterer slike effektar av Vidatox (1, 2).
Vi har ikkje funne informasjon om bruk av Vidatox hos pasientar med glioblastom, eller informasjon om mulige interaksjonar mellom Vidatox og temozolomid (Temodal).
Nemninga 30 CH på homeopatiske preparat tyder at virkestoffa er fortynna tretti gangar i forholdet 1:100. I utgangspunktet skulle dette tilseie så låge mengder med aktive innhaldsstoff at det ikkje er forventa verken farmakologiske effektar, biverknader eller interaksjonar. Det er likevel i enkelte tilfelle funne toksin eller toksiske forureningar i homeopatiske produkt (3).
Ein studie undersøkte Vidatox 30 CH i cellekulturar og rotter med hepatocellulært karcinom (HCC). I motsetnad til det produsenten hevdar, fann forfattarane at Vidatox fremja vekst av kreftcellene. Det vart ikkje funne at Vidatox påverka effekten av proteinkinasehemmaren sorafenib eller at Vidatox hadde pro-onkogene effektar i normale leverceller. Sjølv om desse resultata ikkje direkte kan overførast til å gjelde ved bruk hos menneske, oppfordrar forfattarane til forsiktigheit med bruk av Vidatox hos pasientar med HCC (2).
KONKLUSJON
Det er ikkje funne informasjon om Vidatox kan påverke effekten av temozolomid. Resultata frå ein studie i cellekulturar og rotter med leverkreft, kan tyde på at det er grunnlag for å vere forsiktig med bruk av Vidatox.
- RELIS database 2014; spm.nr. 4224, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Giovannini C, Baglioni M et al. Vidatox 30 CH has tumor activating effect in hepatocellular carcinoma. Sci Rep 2017; 7:44685.
- Atwood KC. Homeopathy. Version 28.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 24. mai 2018).
