

Antacida på blå resept
Fråga: Apotektilsett spør om pasient kan få aluminiumhydroksid/magnesiumhydroksid/magnesiumkarbonat (Novaluzid) på individuelt vedtak?
Svar: Novaluzid har ikkje førehandsgodkjend refusjon etter § 2 i blåreseptforskrifta. Når eit legemiddel ikkje kan føreskrivast direkte på blå resept, har legen høve til å søke Helfo om individuell stønad etter § 3 i blåreseptforskrifta, med nokre unntak. Reseptfrie legemiddel eller legemiddel i reseptfri pakning ytast det ikkje stønad til etter blåreseptforskrifta. Unntak er om legemidlet er oppført i vedlegg 1 til folketrygdlova § 5-14 (legemiddellista), eller er eit virkestoff som det ytast stønad til ved ein spesifikk sjukdom, der pasienten er eit barn under 18 år og det er behov for styrke og/eller formulering som ikkje finnast i reseptpliktig pakning (1, 2).
Novaluzid er eit reseptfritt legemiddel og er ikkje spesifisert i legemiddellista (3). Vi ser det også som lite sannsynleg at Novulazid kjem inn under unntaket om spesifikk behandling til barn, men om behandlar har spørsmål knytta konkret til dette, tilrår vi å kontakte Helfo for rådgjeving.
KONKLUSJON
Ut frå blåreseptforskrifta er det lite sannsynleg at ein vil få dekka utgifter til Novaluzid på individuelt vedtak, då dette er eit reseptfritt legemiddel. Det finst unntak frå denne bestemmelsen, men RELIS kan ikkje vurdere i kva tilfelle dette eventuelt vil gjelde for Novaluzid. Dersom behandlar har spørsmål til dette, tilrår vi å kontakte Helfo for rådgjeving.
- Helsedirektoratet. Rundskriv til § 5-14 - Legemidler, næringsmidler og medisinsk forbruksmateriell. Tilgjengeleg frå: https://www.nav.no/rettskildene/Rundskriv/5-14-legemidler-n%C3%A6ringsmidler-og-medisinsk-forbruksmateriell (Lest: 12. oktober 2018).
- Helfo. Lege på vegne av pasient - individuell stønad. http://www.helfo.no/ (Lest: 12. oktober 2018).
- Helsedirektoratet. Vedlegg 1 til § 5-14 - Delegasjonsfullmakt til Helfo med legemiddelliste. Tilgjengeleg frå: https://www.nav.no/rettskildene/Medikamentliste/vedlegg-1-til-5-14-legemiddellisten (Lest: 12. oktober 2018).
