Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Kronisk hoste som legemiddelbiverknad



Fråga: Ein pasient har hatt kronisk hoste over fleire år, både i kvile og ved aktivitet. Utgreia utan funn av refluks eller allergi. Har forsøkt å seponere samtlege legemiddel i to omgangar, men utan effekt på hosten. Av faste legemiddel bruker pasienten: acetylsalisylsyre (Albyl-e), atenolol, amlodipin (Norvasc), atorvastatin (Lipitor), ezetimib (Ezetrol), evolokumab (Repatha). Ved behov: Tadalafil (Cialis), mometason nasespray og salbutamol (Ventoline) inhalasjonsaerosol. Er det nokre av legemidla pasienten bruker som kan medføre kronisk hoste? Spørsmål frå sjukehuslege.

Svar: Hoste er oppgjeve som ein mindre vanleg biverknad av både amlodipin, ezetimib og evolokumab (1a-b, 2). Hoste kan også oppstå ved behandling med statin, då moglegvis som eit presenterande symptom på legemiddelindusert interstitiell lungesjukdom. Andre symptom på interstitiell lungesjukdom årsaka av statin inkluderer dyspné og svekka allmenntilstand (fatigue, vekttap og feber) (1c, 3).

I ein database som samlar informasjon om lungepåverknad av legemiddel, listast amlodipin og statin blant legemidla som er kjent for å gje isolert hoste. Isolert hoste skiljer seg frå akutt hoste i denne databasen, og det oppgjevast at legemiddelindusert isolert hoste ofte er subakutt eller kronisk, tørr og/eller irriterande, ikkje-produktiv, og ikkje responderer på inhalasjon med bronkodilaterande middel, kortikosteroid eller andre behandlingsformer. Seponering er det einaste som er effektivt for at symptoma skal opphøyre (3).

Atorvastatin er ikkje spesifikt nemnt med tanke på hoste i overnemnte database, men insterstitiell lungesjukdom er ført opp for dette legemidlet (3). Interstitiell lungesjukdom er ofte vanskeleg å diagnostisere, grunna at mange av dei manglar spesifikke diagnostiske testar. Ein kombinasjon av kliniske, radiologiske og eventuelt cytologiske/histologiske undersøkingar brukast gjerne i utgreiinga av slike mistenkte tilfelle (4).

KONKLUSJON
Blant legemidla pasienten tar er amlodipin, atorvastatin, ezetimib og evolokumab rapportert å kunne gje hoste. Atorvastatin er også i sjeldne tilfelle sett i samanheng med interstitiell lungesjukdom, der ikkje-produktiv, persistent hoste kan vere eit presenterande symptom. Då pasienten har forsøkt å seponere legemidla ved to høve utan effekt, bør ein også vurdere om det kan vere andre årsaker til pasientens symptom, som ikkje allereie er utgreia.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Norvasc (Sist oppdatert: 27. november 2017), b) Ezetrol (Sist oppdatert: 5. september 2018), c) Lipitor (Sist oppdatert: 26. mars 2018). http://www.legemiddelsok.no/
  2. Clinical Pharmacology 2018 database. Evolocumab. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 30. juli 2018).
  3. Pneumotox: The drug-induced respiratory disease website. https://www.pneumotox.com/pattern/view/28/IV.d/cough-lone (Lest: 23. oktober 2018).
  4. Trygve Jonassen. Utredning og behandling av interstitielle lungesykdommer, med spesielt fokus på idiopatisk lungefibrose. Presentasjon, NSF FLU fagmøte, Stavanger 2017.