Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Innhald i Urolesan dråpar



Fråga: Ein pasient frå Ukraina har kjøpt Urolesan dråpar som skal hjelpe mot smerter i nyrer og galleblære. Kva inneheld desse dråpane? Kan dei forklare ein forbigåande nyresvikt og proteinuri? Elles ingen funn eller klinikk som er foreinleg med nyresjukdom. Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Ifølgje eit internasjonalt oppslagsverk som samlar informasjon om registrerte legemiddel, inneheld Urolesan dråpar oljer eller ekstrakt frå furu, peppermynte, oljeplante, villgulrot, humle og bergmynte eller merian. Bruksområda er oppgjeve å vere nyrestein, gallestein, kolecystitt og dyskinesi i galleblæregang (1). Tilsvarande informasjon om innhald og bruksområde er oppgjeve på nettsidene til produsenten av Urolesan, i tillegg nemnast akutte og kroniske urinvegsinfeksjonar (cystitt og pyelonefritt) under bruksområde (2).

Vi har ikkje greidd å finne ein preparatomtale for Urolesan, men pakningsvedlegget oppgjev at legemidlet har antispasmodisk, antiinflammatorisk og antiseptisk effekt, betrer galleformasjon og -sekresjon, aukar diurese, surgjer urinen, og aukar utskiljinga av urea og klorid. Dei oppgjev at behandlingslengde må tilpassast på bakgrunn av indikasjon og alvorsgrad av denne, men at normal behandlingsvarigheit er 5 til 30 dagar. Lengre tids bruk skal avklarast med lege og det understrekast også at legemidlet ikkje tilrådast brukt ved nyresteinar over 3 mm i diameter (3).

Av biverknader nemner pakningsvedlegget dyspepsi, kvalme, oppkast, diaré, magesmerter, ansiktsraudne, hudutslett, kløe, angioødem, svimmelheit, arteriell hypertensjon og hypotensjon. Det er ikkje oppgjeve med kva frekvens desse biverknadane oppstår (3). Fleire av komponentane i Urolesan er tenkt å ha diuretiske eigenskapar og/eller har tradisjonelt vore nytta i kortidsbehandling av urologiske plager (4a-g). Ved oral inntak over tid og/eller i høge dosar, er det enkelte av komponentane i Urolesan som kan irritere nyrene eller vere nyretoksisk. Dette gjeld i hovudsak villgulrot og meriam. Kva dosar som eventuelt vil kunne medføre nyreproblem er ikkje kjend (4d, g).

Urolesan er eit plantebasert legemiddel som er mykje brukt i både Ukraina og andre tidlegare sovjetiske land. Det reknast som eit reseptfritt urologikum i Ukraina, med ATC-kode G04BX/G04BC (2, 3). Utover den avgrensa informasjonen som finst på nettsidene til produsenten, har det ikkje vore mogleg å framskaffe anna relevant litteratur på bruk, effekt og biverknader av Urolesan.

KONKLUSJON
Urolesan er eit plantebasert legemiddel med komponentar frå furu, peppermynte, oljeplante, villgulrot, humle og bergmynte/merian. Fleire av desse komponentane er tradisjonelt sett blitt nytta i behandling av urologiske plager, og legemidlet seljast som eit reseptfritt urologikum i Ukraina. Forbigåande nyresvikt og proteinuri er ikkje nemnd blant biverknadane, men somme av komponentane kan potensielt vere irriterande eller toksiske for nyrene ved bruk i høge dosar og/eller over lengre tid.

Referenser:
  1. Brayfield A, editor. Martindale: The complete drug reference (online). Urolesan (Arterium, Ukr.). In: Micromedex® 2.0. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 2018).
  2. Arterium. Urolesan. http://www.arterium.ua/ (Lest: 7. november 2018).
  3. Arterium. Bruksanvisning/pakningsvedlegg Urolesan dråpar. http://urolesan.com/ (Lest: 7. november 2018).
  4. Natural Medicines. a) Pine (Sist oppdatert: 2. desember 2015), b) Peppermint (Sist oppdatert: 5. desember 2017), c) Castor bean (Sist oppdatert: 8. desember 2017), d) Wild carrot (Sist oppdatert: 21. desember 2017), e) Hops (Sist oppdatert: 6. januar 2018, f) Oregano (Sist oppdatert: 6. september 2018), g) Marjoram (Sist oppdatert: 16. august 2018). http://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/