Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Val av prevensjon ved amenoré/oligomenoré og mogleg PCOS



Fråga: Allmennlege spør om kva som vil vere det beste prevensjonsmidlet til unge kvinner med amenoré eller oligomenoré der ein mistenker mogleg PCOS, men diagnose endå ikkje er stilt? Kva er det beste gestagenproduktet til denne gruppa dersom dei ikkje kan/vil bruke p-piller med antiandrogen effekt? Er det ugunstig å bruke gestagenprodukt som til dømes p-stav i slike tilfelle, ettersom ein biverknad er ovarialcyster?

Svar: Val av prevensjon til kvinner med mogleg PCOS
RELIS har tidlegare utgreia val av prevensjon til kvinner med oligomenoré grunna PCOS og funne at kombinasjons-p-piller er tilrådd (1). Ei nyleg oppdatert internasjonal retningslinje oppgjev at kombinasjons-p-piller også bør vurderast til kvinner i tenåra med klinisk hyperandrogenisme og uregelmessig menstruasjon, som ein mistenker kan ha PCOS, men kor diagnose endå ikkje er stilt (2).

Retningslinjene tilrår ikkje éi p-pille over ei anna, men lågaste effektive østrogendose tilrådast, samt ei vurdering av absolutte og relative kontraindikasjonar, og biverknader (2-4). P-piller med ein progestagenkomponent med minimal androgen aktivitet (desogestrel eller drospirenon) er hormonmessig mest gunstig for kvinner med PCOS. Progestagena med minimal androgen aktivitet ser likevel ut til å ha høgare tromboserisiko samanlikna med levonorgestrel og noretisteron, som er progestagen med høg androgen aktivitet (1-4).

Cyproteron (Diane) nemnast også blant progestagena med låg androgen effekt i eitt klinisk oppslagsverk som det visast til i utgreiinga (4), men ei nyleg oppdatert internasjonal retningslinje er tydeleg på at kombinasjonspreparat med cyproteron/etinyløstradiol ikkje er førsteval, grunna den auka risikoen for venøs tromboembolisme (VTE) (2).

RELIS har i den tidlegare nemnte artikkelen skrive at det i val av p-pille må gjerast ei avveiing mellom antiandrogen effekt og tromboserisiko. Det er viktig at kvinna får god informasjon om symptom og teikn på venøs tromboembolisme, ved føreskriving av kombinasjons-p-piller (1).

Prevensjon med berre progestagen og risiko for ovarialcyster
Prevensjon med berre progestagen er ein risikofaktor for simple cyster (5), medan kombinasjonspiller med østrogen og progestagen kan redusere risikoen for ovarialcyster (6). Ovarialcyster er oppgjeve som ein vanleg til svært vanleg biverknad av levonorgestrel intrauterint innlegg (Jaydess, Kyleena, Levosert, Mirena), ein vanleg biverknad av etonogestrel implantat (Nexplanon), og ein mindre vanleg biverknad av desogestrel (Cerazette) (7).

Sjølv om bruk av reine gestagenpreparat potensielt kan auke risikoen for cyster, er både p-piller med berre progestagen, til dømes desogestrel (Cerazette), og intrauterint innlegg med levonorgestrel føreslått som alternativt prevensjonsmiddel til kvinner med PCOS, dersom ein ikkje ønskjer den antiandrogene effekten som kombinasjons-p-pillene gjev (1, 4).

KONKLUSJON
Kombinasjonspiller med østrogen og progestagen synast å vere førstevalet til kvinner med oligomenoré og mogleg PCOS. Utover dette føretrekkast ikkje éi p-pille over ei anna, men ein må gjere ei avveiing av antiandrogen effekt og tromboserisiko, samt andre absolutte og relative kontraindikasjonar, og risiko for andre relevante biverknader.

Dersom ein ikkje ønskjer den antiandrogene effekten som kombinasjonspillene gjev, kan reine gestagenpiller eller hormonspiral vere alternativ. Tilsvarande som for kombinasjons-p-piller, må ein også her gjere ei vurdering av kontraindikasjonar og biverknader med tanke på den enkelte pasient.

Referenser:
  1. Bratberg Å, Wesnes A. Valg av prevensjon til kvinner med polycystisk ovariesyndrom (PCOS). www.relis.no (Publisert: 2. februar 2017).
  2. Centre for Research Excellence in Polycystic Ovary Syndrome. International evidence-based guideline for the assessment and management of polycystic ovary syndrome 2018. https://www.clinicalguidelines.gov.au/ (Sist oppdatert: Februar 2018).
  3. BMJ Best Practice. Polycystic Ovary Syndrome. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist revidert: November 2018).
  4. Barbiere RL, Ehrmann DA. Treatment of polycystic ovary syndrome in adults. Version 32.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 26. november 2018).
  5. Norsk gynekologisk forening. Veileder i gynekologi 2015. Benigne ovarialcyster. http://www.legeforeningen.no/ (Publisert: 12. november 2015).
  6. BMJ Best Practice. Ovarian cysts. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist revidert: November 2018).
  7. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Kyleena (Sist oppdatert: 26. oktober 2018), b) Levosert (Sist oppdatert: 14. februar 2018), c) Jaydess (Sist oppdatert: 28. september 2018), d) Mirena (Sist oppdatert: 14. desember 2018), e) Nexplanon (Sist oppdatert: 21. november 2016), f) Cerazette (Sist oppdatert: 18. november 2016). https://www.legemiddelsok.no/