Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Haldbarheit av amoksicillin-klavulansyre-mikstur



Fråga: Ein pasient har fått føreskrive mikstur med amoksicillin/klavulansyre (Co-Amoxiclav) i 10 dagar. Apoteket har lagerført oral suspensjon 250 mg/62,5 mg frå produsenten Mylan, som er oppgjeve å ha haldbarheit 7 dagar i kjøleskap etter rekonstituering. Finst det stabilitetsstudiar som viser om miksturen eventuelt kan brukast lengre enn 7 dagar? Til samanlikning har rekonstituert mikstur med amoksicillin åleine haldbarheit på 14 dagar i kjøleskap. Spørsmål frå apotekfarmasøyt.

Svar: Haldbarheita av eit legemiddel avheng av fleire faktorar, inkludert legemidlets fysiske, kjemiske og mikrobiologiske stabilitet. Vanlegvis setjast haldbarheita slik at minst 90 % av den initiale legemiddelmengda gjenstår ved utløpet av haldbarheitsdatoen. I somme tilfelle vil endringar i fysikalske eigenskapar og nedbrytingsprodukt kunne ha skadelege effektar eller påverke opptaket av eit legemiddel. Det er derfor god praksis å ikkje bruke eit legemiddel etter utløpt haldbarheitsdato (1).

Eit utval av ulike produsentar sine preparatomtalar for orale suspensjonar av amoksicillin/klavulansyre, oppgjev alle at haldbarheita er 7 dagar etter rekonstituering, ved oppbevaring i 2-8 °C (2). Eit amerikansk oppslagsverk oppgjev derimot ei haldbarheit på 10 dagar etter rekonstituering, med referanse til føreskrivingsinformasjonen for produktet Augmentin i kjelda Physicians’ desk reference (3). RELIS har ikkje tilgong sistnemnte kjelde, og kan såleis ikkje undersøke bakgrunnen for kvifor denne informasjonen skil seg frå preparatomtalane.

Vi har funne tre studiar som har undersøkt stabiliteten til rekonstituert amoksicillin/klavulansyre utover 7 dagar (4-6). Stabiliteten til rekonstituerte orale suspensjonar av amoksicillin/klavulansyre avheng i hovudsak av stabiliteten til klavulansyre, som degraderast mykje raskare etter rekonstituering samanlikna med amoksicillin (4-6).

Éin av studiane fann at stabiliteten til klavulansyre ikkje var oppretthaldt (<90 %) over 7 dagar, ved oppbevaring i 8 °C. Mengda klavulansyre var redusert til 88 % og 83 % etter høvesvis 9 og 11 dagar (4). Dei to andre studiane fann at stabiliteten til klavulansyre var innanfor 90 % for nokre, men ikkje alle, batchar av miksturen, ved oppbevaring i 2-8 °C. Somme av batchane var også <90 % innanfor 7-dagarsperioden. Lågaste registrerte mengd klavulansyre etter 10 dagar var 75 % (5, 6).

Vi kan ikkje finne informasjon om at eventuelle nedbrytningsprodukt av amoksicillin eller klavulansyre er toksiske.

KONKLUSJON
Klavulansyre er den stabilitetsbestemmande substansen i rekonstituerte orale suspensjonar med amoksicillin/klavulansyre. Eit fåtal stabilitetsstudiar fann at mengda klavulansyre i somme batchar var redusert til under 90 % etter dag 7. Den største konsekvensen av å bruke produktet etter utløpsdato er at altså at det vil ha dårlegare effekt. Fleire daglege uttak frå same flaske vil også auke risikoen for mikrobiologisk kontaminasjon, som ytterlegare kan bidra til degradering av innhaldet.

Det er generelt god praksis å ikkje bruke eit legemiddel etter utløpsdato, og RELIS kan ikkje gje råd utover det som er oppgjeve i preparatomtalen til legemidlet. Risikoen ved redusert effekt/mikrobiologisk kontaminasjon ved bruk av rekonstituerte orale suspensjonar med amoksicillin/klavulansyre utover 7 dagar, er noko som både pasient og behandlar må vere merksam på dersom dette gjerast.

Referenser:
  1. RELIS database 2011; spm.nr. 560, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  2. UK Medicines and Healthcare Products Regulatory Agency (MHRA). Summary of Product Characteristics (SPC) a) Co-amoxiclav Generics UK T/A Mylan (Sist oppdatert: 21. desember 2018), b) Augmentin (Sist oppdatert: 3. juli 2018), c) Co-amoxiclav Sandoz (Sist oppdatert: 19. desember 2017). https://www.medicines.org.uk/emc/
  3. McEvoy GK, editor. Amoxicillin and Clavulanate Potassium. The AHFS Drug Information (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Lest: 8. januar 2018).
  4. Mehta AC, Hart-Davies S et al. Stability of amoxycillin and potassium clavulanate in co-amoxiclav oral suspension. J Clin Pharm Ther 1994; 19(5): 313-5.
  5. Alzomor AK, Noman NM et al. Stability study for three brands Co-amoxiclav oral suspension (312.5/5ml) after reconstitution at refrigerator (2-8 &deg;C). European J Biomed Pharm Sci 2016; 3(6): 203-9.
  6. Alzomor AK, Al-Mehdar AA et al. Stability study of the Co-amoxiclav original brand oral suspension (312.5/5ml) after reconstitution at recommended conditions and at-home storage conditions. Am J PharmTech Res 2016; 6(4): 637-52.