

Vortioksetin, SSRI og leukopeni
Fråga: Lege spør angåande ein pasient som har opplevd fall i leukocyttar ved bruk av to ulike SSRI, men utan kliniske symptom. Verdiane vart normalisert i begge tilfelle etter seponering. Pasienten står no på bupropion (Wellbutrin) utan fall i leukocyttar, men også utan tilfredsstillande effekt av medisinen. Pasienten har behov for antidepressiva, og legen lurer på om det vil vere ein risiko for leukopeni ved oppstart av vortioksetin (Brintellix)? Er det for øvrig kjent at SSRI kan gje leukopeni?
Svar: RELIS har tidlegare skrive at SSRI som klasse ikkje er nemnt i oversikter over legemiddel som er kjent å gje leukopeni (nøytropeni), men at det fins enkeltrapportar i litteraturen om leukopeni for fleire av substansane (1). Dette støttast ved eit oppdatert litteratursøk. I tillegg skriv eit svensk legemiddelinformasjonssenter at det for alle antidepressiva registrert i Sverige (relativt likt som i Noreg), er funne omtala biverknader relatert til påverknad på kvite blodceller eller beinmarg (2).
Spesifikt for vortioksetin (Brintellix) finn vi ikkje leukopeni nemnt som ein kjend biverknad i preparatomtalen, eller i andre kjelder. Ved søk i litteraturdatabaser finn vi ikkje omtala at vortioksetin er assosiert med leukopeni eller annan hematologisk påverknad. På verdsbasis er det motteke eit fåtal biverknadsmeldingar der vortioksetin er mistenkt å ha gitt leukopeni. Desse meldingane seier imidlertid ikkje noko om årsakssamanheng mellom bruk av legemiddel og den meldte reaksjonen (3).
Legemiddelindusert nøytropeni kan skuldast ein immunologisk mekanisme som medierer destruksjon av nøytrofile (4). Dette gjer at ein slik biverknad aldri kan utelukkast for eit legemiddel, sjølv om det ikkje tidlegare har vore rapportert.
OPPSUMMERING
Vi har ikkje funne beskrive leukopeni som ein kjend biverknad av vortioksetin. Det er i utgangspunktet ikkje å forvente leukopeni ved bruk, men dette kan likevel ikkje heilt utelukkast.
- RELIS database 2017; spm.nr. 5036, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
- Svensk database 2017; spm.nr. 757, ELINOR. (www.relis.no).
- Verdens Helseorganisasjon (WHO). Bivirkningsdatabase (Søk: 8. januar 2019).
- Coates TD. Drug-induced neutropenia and agranulocytosis. Version 33.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 18. februar 2018).
