

Metylfenidat og impotens
Fråga: Ein lege viser til motstridande konklusjonar i to RELIS-utgreiingar om metylfenidat kan gje impotens. I svaret frå 2019 er det oppgitt at ereksjonssvikt ved metylfenidat ikkje er ein typisk biverknad, og at ein vil anbefale prøveseponering for å avklare om samanhengen er reell. Bytte til annan ADHD-medisinering som atomoksetin kan vere aktuelt. I svaret frå 2015 er derimot erektil dysfunksjon oppgitt som ein vanleg biverknad av ikkje berre av metylfenidat, men også atomoksetin og lisdekamfetamin, og at ein difor ikkje bør forsøke bytte. Er svaret frå 2015 utdatert informasjon?
Svar: Vurdering
Vi forstår at dei to utgreiingane (1,2) kan bli oppfatta som motstridande, og at dei kunne vore meir presise. Problemstillinga er kompleks, både fordi årsakssamanhengane er usikre, og fordi det kan vere skilnader i kva ein forstår med «impotens» og «erektil dysfunksjon».
Vi meiner det er grunn til å slå fast at impotens som biverknad av metylfenidat på grunn av fysiologiske endringar i sirkulasjonen er usannsynleg. Nedsett libido, og dermed impotens, på grunn av metylfenidat er meir vanleg. Prøveseponering og reeksponering vil uansett vere avklarande.
Bakgrunn
Når det gjeld fysiologisk vasomotorisk årsak til impotens, er dette ikkje typisk biverknad av metylfenidat. Siste versjonen av preparatomtalen (SPC) for Ritalin nemner erektil dysfunksjon som biverknad, men med ukjend førekomst. Det motsette problemet av impotens, priapisme (langvarig smertefull ereksjon) her derimot fått større omtale under «forsiktighetsregler» (1).
Psykisk årsak til impotens hos personar med normalt fungerande sirkulasjon i penis er svært vanleg, og metylfenidat kan medverke til dette. Nedsett libido er ifølge SPC vanleg biverknad (1-10%) av metylfenidat (1).
Ein kan ikkje sjå heilt bort frå at metylfenidat kan vere årsak til manglande ereksjon. Andre forklaringar som bruk av andre lege- eller rusmiddel eller annan somatisk eller psykisk årsak må utelukkast. Prøveseponering og reeksponering vil uansett vere eit relevant tiltak.
Bytte til anna preparat kan vere ei løysing, sjølv om både nedsett libido og erektil dysfunksjon er vanleg ved bruk av til dømes atomoksetin (2). Verknadsmekanismen for atomoksetin er såpass ulik metylfenidat at ein kan forsvare å bytte. Andre tiltak er dosereduksjon, eventuelt avvente om problemet kan gå over, eller å vurdere om det er indikasjon for middel mot erektil dysfunksjon.
Ein diskusjon med pasienten om ein slik biverknad kan forsvare bruken vil og vere på sin plass.
- RELIS database 2015; spm.nr. 9879, RELIS Vest
- RELIS database 2019; spm.nr. 5521, RELIS Nord-Norge
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Ritalin. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 7. november 2017).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Strattera. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 1. april 2016).