

Nevropatisymptom ved bruk av karbimazol
Fråga: Lege spør angåande ein pasient som har utvikla diffuse mogleg nevropatisymptom under pågåande behandling med karbimazol (Neo-Mercazole) i ein måned. Har også påvist folatmangel, som også kan forklare det heile. Er nevropati ein vanleg biverknad? Er det doseavhengig?
Svar: I preparatomtalen er nevritt og polynevropati oppført som biverknader av karbimazol utan at det seiast noko om frekvensen av desse reaksjonane (1). Tilsvarande informasjon om ukjent frekvens finn vi også i ei anna kjelde (2). I den danske preparatomtalen for Neo-Mercazole, er imidlertid alle nevrologiske biverknader (hovudpine, svimmelheit, parestesiar, nevritt og polynevropati) klassifisert som vanlege, dvs. at dei førekjem hos 1/10 til 1/100 (3). Generelt er det lite (biverknads)informasjon å finne om karbimazol og ei forklaring på dette kan vere at dette legemiddelet ikkje er på marknaden i USA.
Karbimazol er eit prodrug som raskt og tilnærma fullstendig hydrolyserast til den aktive metabolitten tiamazol (også kalla metimazol) (1). For tiamazol er det noko meir informasjon om biverknader. I danske preparatomtalar for tiamazol er nevritt og poynevropati definert som svært sjeldne biverknader som oppstår hos færre enn 1/10 000 pasientar (4). Ei kjelde skriv at insidensen av tiamazol-indusert perifer nevropati er svært låg, men at slike reaksjonar kan krevje seponering (5). Ein database referer til eit kasus der ein 13 år gamal pasient utvikla perifer nevritt etter bruk av tiamazol i nesten 2 år. Symptoma forsvann ved seponering (6).
Vi har ikkje funne informasjon om kor vidt desse nevrologiske biverknadane er doseavhengige, verken for karbimazol eller tiamazol.
KONKLUSJON
Nevrologiske biverknader er kjent, både for karbimazol og den aktive metabolitten tiamazol. Enkelte kjelder omtalar dette som vanlege biverknader, men hovudvekta av informasjon tilseier at slike biverknader må sjåast på som sjeldne. Det er ikkje funne informasjon om biverknadane er doseavhengige.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Neo-Mercazole. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 27. januar 2016).
- British National Formula. BNF (online). Carbimazole. http://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 22. mars 2019).
- Lægemiddelstyrelsen. Preparatomtale (SPC) Neo-Mercazole. http://www.produktresume.dk/ (Sist endret: 5. februar 2018).
- Lægemiddelstyrelsen. Preparatomtale (SPC) a: Thiamazol "2care4" (Sist endret: 14. mars 2019), b: Thycapzol (Sist endret 14. mars 2019), c: Unimazole (Sist endret: 31. oktober 2018). http://www.produktresume.dk/
- Clinical Pharmacology 2019 database. Methimazole. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 1. mars 2018).
- Micromedex® 2.0 (online). Methimazole (Drugdex System). https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 15. februar 2019).
