Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Desogestrel ved Leidenmutasjon



Fråga: Allmennlege spør angåande ei kvinne i 40-åra med Leidenmutasjon. Ho har tidlegere hatt hormonspiral, men har no fått desogestrel (Cerazette). Reknast denne som trygg hos kvinner med faktor V Leidenmutasjon?

Svar: Kvinner med faktor V Leidenmutasjon kan bruke desogestrel minipiller (Cerazette). Også andre reine gestagenpreparat som p-stav, eldre minipiller og hormonspiral kan brukast hos denne gruppa (1-4).

Samla sett er det til no ikkje vist ein auka tromboembolisk risiko ved bruk av reine gestagenpreparat, men det er mogleg at det kan vere ein skilnad mellom dei ulike administrasjonsformene. Nokre studiar har vist ein auka risiko for venøse tromboemboliar (VTE) ved bruk av høgdoserte gestagenpreparat som p-sprøyte (5). Enkelte åtvarar difor mot bruk av p-sprøyte hos kvinner med auka risiko for tromboemboliar, som Leidenmutasjon (2, 4). Andre igjen skil ikkje mellom dei ulike gestagenpreparata til denne gruppa (1).

UpToDate opnar også opp for at kvinner med heterozygot Leidemutasjon utan tidlegare eigen eller familiær blodpropphistorikk, kan bruke østrogenhaldig prevensjon (2). For meir informasjon om dette viser vi til ei tidlegare RELIS-sak (6).

Referenser:
  1. Verdens helseorganisasjon (WHO). Medical eligability criteria for contraceptive use. Fifth edition 2015. http://www.who.int/reproductivehealth/publications/en/
  2. Siddiqi T, Bauer KA et al. Contraceptive counseling for women with inherited thrombophilias. Version 34.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 1. mars 2019).
  3. Sex og samfunns eMetodebok for seksuell helse. Prevensjonsmidler. http://www.emetodebok.no (Lest: 7. mai 2019).
  4. Norsk gynekologisk forening. Veileder i gynekologi: Prevensjon 2015. http.//www.legeforeningen.no (Lest: 7. mai 2019).
  5. RELIS database 2017; spm.nr. 11593, RELIS Vest. (www.relis.no)
  6. RELIS database 2018; spm.nr. 12180, RELIS Vest. (www.relis.no)