

Dosering av ulike preparat med amoksicillin/klavulansyre
Fråga: Farmasøyt har lagt merke til at preparat med ulikt forhold mellom amoksicillin/klavulansyre doserast ulikt. Det gjeld preparata Augmentin mikstur og tablettar, som doserast to gonger dagleg, og Co-Amoxiclav mikstur og tablettar, som doserast tre gonger dagleg. Kvifor er det slik?
Svar: Amoksicillin er eit penicillin som verkar ved å hemme celleveggsyntesen til bakteriane. Klavulansyre har ikkje ein klinisk antibakteriell effekt åleine, men er tilsett fordi den inaktiverer betalaktamase-enzym og dermed hindrar inaktivering av amoksicillin. Augmentin kom på den norske marknaden i 2017, og forholdet mellom amoksicillin og klavulansyre er 7:1 (1).
Ifølgje GlaxoSmithKline, som produserer Augmentin, vart preparatet lansert i 1981, med forholdet 2:1 amoksicillin/klavulansyre og dosering tre gonger dagleg. Kort etter følgte ei formulering med forholdet 4:1 amoksicillin/klavulansyre og dosering tre gonger dagleg. Etter ytterlegare forsking på den bakterielle effekten av amoksicillin, og farmakodynamiske og farmakokinetiske kalkuleringar, vart det funne at formuleringar med forholdet 7:1 amoksicillin/klavulansyre dosert to gonger dagleg var tilsvarande effektiv som dei tidlegare formuleringane dosert tre gonger dagleg (2).
For øvrig er det også utvikla amoksicillin/klavulansyre-formuleringar med forholdet 8:1 og 16:1, for behandling av meir alvorlege infeksjonar og/eller resistente bakteriar, ifølgje produsenten (2).
Co-Amoxiclav er eit generikum til Augmentin, og finst i formuleringar med forholda 2:1, 4:1 og 7:1 amoksicillin/klavulansyre og dosering tilsvarande som for Augmentin (3). Co-Amoxiclav er ikkje allment tilgjengeleg i Noreg, men er etter det vi kjenner til mogleg å skaffe på godkjenningsfritak i 4:1-formulering, som altså doserast tre gonger dagleg (4).
KONKLUSJON
Preparat med 7:1 amoksicillin/klavulansyre dosert to gonger dagleg synast å ha tilsvarande effekt som 4:1 amoksicillin/klavulansyre dosert tre gonger dagleg. Førstnemnte formulering vart utvikla seinare, og vart lansert som eit enklare doseringsregime. Både originalpreparatet Augmentin og generiske Co-Amoxiclav produserast i begge formuleringane, men er tilgjengeleg i varierande grad i ulike land.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Augmentin. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 18. oktober 2018).
- White AR, Kaye C et al. Augmentin (amoxicillin/clavulanate) in the treatment of community-acquired respiratory tract infection: a review of the continuing development of an innovative antimicrobial agent. J Antimicrob Chemother 2004;53 Suppl 1: i3-20.
- UK Medicines and Healthcare Products Regulatory Agency (MHRA). Search results for "Co-Amoxiclav". https://www.medicines.org.uk/emc/ (Søk: 31. mai 2019).
- Felleskatalogen. Preparater på godkjenningsfritak. http://www.felleskatalogen/no (Lest: 31. mai 2019).
