Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Tilrådingar for behandling av pasientar med LADA



Fråga: Finst det spesifikke tilrådingar for korleis ein best følgjer opp og medisinsk behandlar pasientar med latent autoimmun diabetes hos vaksne (LADA)? Spørsmål frå allmennlege i samband med KUPP-kampanjen Diabetes type 2 i allmennpraksis.

Svar: Nedgongen i β-celle-funksjonen skjer saktare hos pasientar med LADA samanlikna med pasientar med type 1 diabetes, og raskare enn hos dei med type 2 diabetes. LADA er likevel ein svært heterogen sjukdom, grunna genetiske forskjellar og ulike patologiske mekanismar. Dette medfører at β-celle-destruksjonen er svært variabel blant LADA-pasientar, samstundes som at dei har ulik grad av insulinresistens og nivå av antistoff (1-3).

På bakgrunn av dette, samt at det er gjort svært få randomiserte studiar på behandlingen av LADA, finst det ingen standardiserte retningslinjer for behandling av LADA og ein tilrår individualisering av behandling. Det er kjent at pasientar med LADA initialt kan respondere på orale antidiabetika, men mange får behov for insulin innan få år etter diagnosetidspunkt (1-4).

I Noreg tilrådast det at pasientar med LADA får grunnbehandling med metformin, då fleirparten av dei norske LADA-pasientane synast å vere overvektige med insulinresistens (4). Legemiddel som stimulerer insulinsekresjon, men samstundes er β-celle-sparande (GLP-1-analogar, DPP-4-hemmarar, glitazon), har vore trekt fram som moglege behandlingsalternativ som kan vere gunstige for pasientar med LADA (1-4). Forskingsgrunnlaget er foreløpig noko sparsamt. Meir studier trengs for å avgjere om slike legemiddel og eventuelt andre antidiabetika har gunstige effektar på sjukdomsprogresjon og komplikasjonar hos pasientar med LADA (2, 3, 5).

Kor tidleg ein skal starte insulinbehandling av LADA-pasientar drøftast fortsatt, både nasjonalt og internasjonalt (1-4). Både norske og internasjonale forskingsmiljø har funne at pasientens grad av autoimmunitet (låge eller høge verdiar av anti-GAD) har tyding for progresjonen av β-celle-destruksjonen og dermed kor raskt behovet for insulinbehandling oppstår. Pasientar med høge nivå av anti-GAD har høgare risiko for tidleg insulinavhengighet. Det tilrådast derfor at helsepersonell er merksame på at desse pasientane raskare vil får behov for behandling med insulin og at pasientane informerast om dette (2, 5).

Ein randomisert studie på behandling av LADA-pasientar fann at β-celle-funksjonen var tilsvarande påverka 21 månader etter intervensjonsstart både med DPP-4-hemmar (sitagliptin) og basalinsulin, begge som tilleggsbehandling til metformin, uavhengig av grad av autoimmunitet. Pasientane med låge anti-GAD titre hadde, som forventa, ikkje ein progressiv destruksjon av β-celle-funksjonen, i motsetnad til dei med høge anti-GAD titre. Forfattarane konkluderer med at val av behandling hos LADA-pasientane delvis kan vurderast ut ifrå graden av autoimmunitet (5).

KONKLUSJON
LADA er ein svært heterogen sjukdom og kor raskt behovet for insulinbehandling oppstår varierer. Det finst såleis ikkje standardiserte retningslinjer for behandling av desse pasientane. LADA-pasientar og særskilt overvektige pasientar med insulinresistens bør behandlast med metformin som førsteval. Ny forsking tyder på at grad av autoimmunitet (nivå av anti-GAD) kan gje ein indikasjon på om pasientane vil ha få behov for insulinbehandling etter kortare eller lengre tid, og frekvens av monitorering og behandlingsval bør justerast deretter.

Referenser:
  1. O'Neal KS, Johnson JL et al. Recognizing and appropriately treating Latent Autoimmune Diabetes in Adults. Diabetes Spectr 2016; 29(4): 249–252.
  2. Buzzetti R, Zampetti S et al. Adult-onset autoimmune diabetes: current knowledge and implications for management. Nat Rev Endocrinol 2017; 13(11): 674-86.
  3. Pozzilli P, Pieralice S. Latent Autoimmune Diabetes in Adults: current status and new horizons. Endocrinol Metab (Seoul) 2018; 33(2): 147–159.
  4. Grill V, Fiskvik Fleiner H. Hva er LADA – og hvordan skal LADA behandles? Indremedisineren 2013; 2: 28-9.
  5. Hals IK, Fiskvik Fleiner H et al. Investigating optimal ß-cell-preserving treatment in latent autoimmune diabetes in adults: Results from a 21-month randomized trial. Diabetes Obes Metab 2019. Epub ahead of print. https://onlinelibrary.wiley.com/doi/epdf/10.1111/dom.13797