Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Biverknader av sertralin



Fråga: Kvinne i 20-åra, som behandlast for postpartum-depresjon med sertralin (Zoloft), har etter oppstart for ei veke sidan opplevd sår og vond tunge, med synleg forstørra papiller, og også noko kløe på kroppen. Vil det vere tilrådeleg å trappe seinare opp for å minske biverknader og finst det informasjon om korleis denne typen biverknader utviklar seg vidare ved doseauke og fortsatt behandling? Legen var særskilt bekymra for allergi. Pasienten har tidlegare hatt effekt av og god toleranse for escitalopram (Cipralex), vil dette kunne vere eit alternativ til pasienten sjølv om ho ammar? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Spørsmåla vart drøfta over telefon, under er ei oppsummering av hovudpunkta.

Kløe og tungeproblem er kjende, men mindre vanlege biverknader av sertralin (1). Begge desse biverknadane synast å ha tilkome etter marknadsføring av legemidlet, og vi finn ikkje utdjupande informasjon om alvorsgrad eller utvikling av denne typen biverknader. Ved bruk av antidepressiva oppstår kløe vanlegvis sekundært til ein annan hudreaksjon, men kan også førekomme som isolert symptom ved bruk av alle antidepressiva (2).

Allergiske reaksjonar (hypersensitivitet) utløyst av legemiddel er immunologiske, og kan anten vere IgE-medierte (straksreaksjonar) eller ikkje-IgE-medierte (forseinka hypersensitivitet). Vanlege kliniske reaksjonar omfattar anafylaksi, urtikaria, rhinitt, konjunktivitt, astma, angioødem og allergisk kontakteksem. Meir organspesifikke reaksjonar kan vere hematologiske (cytopeni, eosinofili), nefrologiske (nefritt), pulmonale (alveolitt, fibrose), hepatiske (hepatocellulær skade, kolestase) og kardiale (perikarditt, myokarditt) (3).

Allergiske reaksjonar gjev med andre ord eit anna klinisk bilete enn dei symptoma pasienten opplev og det forventast ikkje at desse er eit forvarsel til meir alvorlege allergiske reaksjonar. Generelt forventar ein at biverknader som oppstår ved oppstart av antidepressiva, betrast innan eit par veker ved fortsatt behandling. Nokre pasientar kan vere meir sensitive for både biverknader og seponeringssymptom av antidepressiva, og det kan vere tilrådeleg med seinare opp- og nedtrapping.

Dersom biverknadane av sertralin ikkje betrast innan rimeleg tid eller legemidlet vurderast som ueigna av andre grunnar, kan escitalopram vere eit alternativ til den aktuelle pasienten. Sjølv om sertralin reknast blant førstevala til kvinner som har behov for oppstart med antidperessiva, vil val av antidepressiva først og framst vere avhengig av tidlegare behandlingshistorie og kva legemiddel som vurderast som det beste behandlingsalternativet for hennar psykiske sjukdom. Nyare antidepressiva, også escitalopram, utskiljast i liten grad i morsmjølk og risiko for biverknader hos det brysternærte barnet er liten (4).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Zoloft. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 28. november 2018).
  2. RELIS database 2018; spm.nr. 12536, RELIS Vest. (www.relis.no)
  3. RELIS database 2019; spm.nr. 13354, RELIS Vest. (www.relis.no)
  4. RELIS database 2018; spm.nr. 10851, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)