Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Maksimaldose Ibuprofen



Fråga: Ein apotekfarmasøyt peiker på at UpToDate oppgir 3200mg som maksimaldose for ibuprofem medan norske kjelder som til dømes Legemiddelhåndboken oppgir 2400mg. Han lurer på om det finst nye studier som viser at 3200mg er forsvarleg dose med tanke på biverknader.

Svar: Som nemnt i spørsmålet er det i UpToDate oppgitt at 3200 mg/dagleg er maksimaldose av Ibuprofen(1), medan norske kjelder som Felleskatalogen og Legemiddelhåndboken oppgir 2400 mg (2, 3).

Ein metaanalyse frå 2013 som ser på dei vaskulære og gastroenterologiske verknadane av NSAIDs gir ikkje grunn til å justera dosane. Dei fleste studiene som låg til grunn for metaanalysen opererte med døgndoser på 2400 mg, noko som medførte at det ikkje lot seg gjera å samanlikna ulike døgndosar. Metaanalysen viser også at den auka risikoen for vaskulære og gastrointestinale hendingar kan forutseiast om ein kjenner risikofaktorane til pasientane. Det kan hjelpa i kliniske avgjerder(4).

Europeiske legemiddelmyndigheter skriv i ei oppdatering frå 2015 at ein gjennomgang gjort av deira organ for biverknadsovervaking og risikovudering stadfestar at Ibuprofen i døgndosar på 2400 mg eller meir aukar den kardiovaskulære risikoen. Dosar på 1200mg eller lågare aukar ikkje risikoen. Også dei peikar på at det er viktig å ta omsyn til pasienten sine risikofaktorar før ein eventuelt vel å behandla med Ibuprofen(5).

Cochraneoversikten UpToDate refererer til når dei skriv maksimumsdose på 3200mg, tek for seg behandling av akutt postooperativ smerte på sjukehus. I denne metatanalysen skriv dei at 1200 mg er maksdose for vaksne, men at dosar opptil 3200 mg kan gis under nøye medisinsk oppfølging (6).

KONKLUSJON
Det er ikkje komme ny kunnskap som gir grunnlag for å auka tilrådd maksimaldose ibuprofen til 3200 mg. Dosar inntil 1200 mg i døgnet ser ikkje ut til å auka kardiovaskular risiko, medan døgndose på 2400 mg eller meir gir noko auka risiko. Fleire kjelder peikar på at det er viktig å vurdera risikofaktorar hjå pasienten før behandling. Teksten som opnar for dosering inntil 3200 mg baserer seg på råd for akutt smertebehandling av postoperative pasientar der ein rådar til tett medisinsk oppfølging.

Referenser:
  1. Lexicomp in UpToDate. Ibuprofen: Drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 4. september 2019).
  2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Ibuprofen. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 16 . mai 2019).
  3. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Ibuprofen. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 14.november 2018).
  4. Bhala N, Emberson J, Merhi A, et al. Vascular and upper gastrointestinal effects of nonsteroidal anti-inflammatory drugs: meta-analyses of individual participant data from randomised trials. Lancet 2013;382:769-79.
  5. European Medicines Agency (EMA). Updated advice on use of high-dose ibuprofen. https://www.ema.europa.eu/en/medicines/human/referrals/ibuprofen-dexibuprofen-containing-medicines(Publisert: 22. mai 2015).
  6. Derry C, Derry S, Moore RA, McQuay HJ. Single dose oral ibuprofen for acute postoperative pain in adults. Cochrane Database Syst Rev. 2009;(3):CD001548. PubMed 1958832610.1002/14651858.CD001548.pub2