

Gabapentin og seksuell dysfunksjon
Fråga: Ein mannleg pasient i 30-åra har forsøkt gabapentin (Neurontin). Medikamentet vart trappa opp gradvis, men etter kvart opplevde pasienten biverknad i form av ejakulasjonsforstyrring og autoseponerte. Mannen rakk ikkje å få positiv effekt av behandlinga, og det er derfor ønskjeleg å forsøke på ny og trappe opp til ein høgare dose for å sjå om dette kan gje effekt. Lege spør om det då er sannsynleg at denne biverknaden vil vere forbigåande.
Svar: Seksuell dysfunksjon som impotens, endringar i libido, ejakulasjonsproblem og anorgasme er rapportert ved bruk av gabapentin (1, 2).
Vi har ikkje funne beskrive at dette er forbigåande biverknader. I dei aller fleste tilfella har slike biverknader medført seponering med relativt rask betring. Betring har også oppstått i enkelte tilfelle med dosereduksjon og i eitt tilfelle der kveldsdosen vart redusert og flytta til eit tidlegare tidspunkt på dagen. Seksuell dysfunksjon har oppstått ved både høge og låge dosar med gabapentin (3-5).
I ein artikkel om seksuell dysfunksjon relatert til legemiddel brukt ved epilepsi (inkludert gabapentin), skriv forfattarane at behandling av slike biverknader ikkje er avklara. Skifte til eit anna middel er foreløpig einaste skisserte løysing. For øvrig foreslåast PDE5-hemmarar (som sildenafil) dersom biverknaden er erektil dysfunksjon (5).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Neurontin. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 26. april 2019).
- RELIS database 2005; spm.nr. 1473, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Micromedex® 2.0 (online). Gabapentin (Drugdex System). https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 6. august 2019).
- Hamed SA. Sexual Dysfunctions Induced by Pregabalin. Clin Neuropharmacol 2018; 41(4): 116-22.
- Yang Y, Wang X. Sexual dysfunction related to antiepileptic drugs in patients with epilepsy. Expert Opin Drug Saf. 2016; 15(1): 31-42.