

Endra åtferd ved bruk av alkohol i kombinasjon med SSRI.
Fråga: Ein pensjonert lege har fått spørsmål om dukumentasjon for endra åtferd/valdsreaksjon/manglande impulskontroll ved bruk av SSRI i kombinasjon med alkohol.
Svar: RELIS svara på eit liknande spørsmål i 2014. Som ein oppgav då, kan inntak av alkohol utløyse aggresjon og vald hjå disponerte personar og risikoen kan auka med aukande inntak. I tillegg til personlige egenskaper, kan situasjonsbestemte faktorar som provokasjon og sosialt press være med på å framkalle valdshandlingar. Det er ikkje utenkeleg at kombinasjon av alkohol og andre sentralnervøse stoffer, som t.d. SSRI (selektive serotoninreopptakshemmarar), kan forsterke denne tendensen hjå somme individ, men dette er lite undersøkt. Generell varsemd tilseier at ein ikkje bør bruke psykoaktive legemiddel i kombinasjon med alkohol. Ein konkluderte med at det førelåg svært få studier på området, men refererte til ein kongresspresentasjon som skildra alvorlege valdsepisodar under alkoholpåverknad hjå pasientar behandla med SSRI. Fleirtalet hadde tolerert same alkoholmengd godt både før og etter behandlingsperioden (1).
Forskarane som presenterte desse funna, har seinare publisert ein artikkel om temaet der dei konkluderer med at det er fleire ting som kan tyde på at der er interaksjon mellom SSRI og alkohol, men at dette må studerast nærare gjennom systematisk datainnsamling (2). Ifølgje forfattarane viste eit detaljert litteratursøk liten eller ingen interaksjon mellom alkohol og SSRI i laboratoriestudier, samt inkonsekvente effekter av SSRI hjå folk med alkoholproblem. Dei samla difor kasuistikkar frå eigne og andres praksisar, offentlege instansar og webbaserte diskusjonsforum for å undersøkja desse nærare. Deretter vurderte dei ved hjelp av standardkriterier om det førelåg interaksjonar. Patologisk intoksikasjon vart funne i 100 av 201 rapportar som inneheldt nok detaljar til å bli evaluert. Hukommelsetap var tilstades i om lag halvparten av desse tilfella. Med omgrepet patologisk intoksikasjon meiner ein at ei gitt mengde alkohol fører til enten ein markert større intoksikasjon enn ein ville forventa, eller ein kvalitativt endra intoksikasjon, gjerne med vald eller annan utagerande oppførsel. Alvorleg vald, inkludert 12 drap der to var dobbeltdrap og eit trippeldrap, inngjekk også i materialet (2).
Eit kasus publisert i 2007 skildrar ein britisk toppdiplomat som på ei flyreise frå Abu Dhabi til London Heathrow i februar 2005 hadde truga med å drepa medpassasjerar, samt gjentekne gonger var stygg i munnen mot kabinpersonalet. Han var også motorisk uroleg, og både hender og føtter måtte til slutt bindast fast. Diplomaten sjølv kunne ikkje hugsa noko frå desse hendingane. I forkant av hendinga hadde han arbeidd med å identifisera britiske offer for tsunamien i Thailand 26.12.04. Han hadde vel eit års tid i førevegen starta med SSRI på indikasjonen angst og depresjon. Ei veke før den aktuelle hendinga hadde dosen vorte auka. Retten konkluderte, på bakgrunn av sakkyndighetserklæringa til ein klinisk farmakolog, med at diplomaten sin oppførsel skuldast stress over lang tid, tsunamirelatert posttraumatisk stress, søvndeprivasjon og ein kombinasjon av paroksetin og alkohol (3).
Fleire interaksjonsdatabasar rår til varsemd ved samtidig bruk av SSRI og alkohol. Dette ser ut å hovedsakeleg stamma frå åtvaringar frå produsentane. Samstundes blir det oppgjeve at SSRI generelt er forbundne med lite potensiale til å redusere kognitiv eller motorisk funksjon (4-6 Nye søk i internasjonale databaser har ikkje avdekt fleire studier om interaksjon mellom alkohol og SSRI. Det føreligg ein del studier som tek for seg effekt av SSRI-behandling hjå folk med stort alkoholbruk, somme av desse viser eskalert alkoholbruk oppstart med SSRI (7,8).
Konklusjon
Det er få studier på området. Fleire interaksjonsdatabasar rår til varsemd ved samtidig bruk av SSRI og alkohol. Dette ser imidlertid ut til å vera basert på produktomtalar heller enn originale studier. Forfattarane av ein studie, som var ein gjennomgang av kasustikkar, antydar at kombinasjonen alkohol og SSRI kan auka risikoen for patologisk intoksikasjon. Det er skildra fleire alvorlige valdsepisodar under alkoholpåvirkning hos pasienter behandla med SSRI. Forfattarane påpeikar at dette må studerast nærare før ein kan trekkja ein fast konklusjon. Enkelte andre studier tek for seg effekt av SSRI-behandling ved stort alkoholforbruk, og nokre av desse viser eskalert alkoholbruk etter oppstart med SSRI.
- RELIS database 2014; spm.nr. 4146, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
- Menkes DB, Herxheimer A. Interaction between antidepressants and alcohol: signal a implification by multiple case reports. Int J Risk Saf Med. 2014;26(3):163-70
- Herxheimer A. British diplomat cleared of drunk flying charges: Paroxetine was involved. . Int J Risk Saf Med 19 (2207) 35-40
- Micromedex® 2.0 (online). Drug Interactions. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: dd. måned åååå).
- Lexi-Interact in Lexicomp in UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: dd. måned åååå).
- Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: dd. måned åååå).
- Brookwell L, Hogan C et al. Ninety-three cases of alcohol dependence following SSRI treatment. Int J Risk Saf Med 26 (2014) 99-107
- Atigari OV et al. New onset alcohol dependence linked to treatment with selective serotonin reuptake inhibitors. Int J Risk Saf Med 2013; 25 (2) 105-9
